Slik brukar du appen

Skype for business har funksjonar for å gjennomføre videokonsultasjonar

Korleis bruke videoappen?
«Skype for Business» har funksjonar for å gjennomføre videokonsultasjonar. Ein må være knytt til WIFI-nettverk.
I god tid før videokonsultasjonen må du gjere deg kjent med bruken av «Skype for Business». Sett av tid til å sjå video og lese brukermanual. Du må sjølv teste dette vha test-innkalling under, eller så raskt du har fått innkalling til videokonsultasjonen. Det forutsettes at du allereie har installert «Skype for Business».

Teste deltaking i videopoliklinikk:
Testoppkobling
Det er mogleg å teste oppsettet før du har motteke innkalling i e-post. Etter at app er installert trykker du på følgande lenke på mobilen:
https://meet.lync.com/microsoft/sebros/7QRH5WR8?sl
Skype-app skal lastast og så kjem ein inn i lobby. Denne brukast kun som test – ved videopoliklinikk må du følge lenka du har motteke i e-post

Innkalling i Epost
Når du mottek epost kan du legge innkallinga til kalenderen din på mobilen. På mobilen kan du og legge til at du ønsker påminning for eksempel 15 minutter før videokonsultasjonen.

Delta i videokonsultasjon
1. Finn fram innkallinga i eposten eller i kalenderen på mobilen din dersom du lagra den der.
2. Trykk på «Bli med i Skype-møte» og velg å opne innkallinga i appen «Skype for business».
3. I appen «Skype for Business» velger du å trykke på «Gjest», skriv så inn namnet ditt og trykk på stor blå pil. Du ventar no i lobbyen inntil behandlar slepp deg inn til sjølve videokonsultasjonen.
4. Når du blir sluppe inn i videokonsultasjonen må du aktivere kameraet ditt (er kameraikon heilblått vert video vist), sjekk også om mikrofon ikkje er deaktivert (er då heilblått ikon med strek over). Om du ikkje får aktivert kamera er du truleg ikkje tilkoblet WIFI, evnt har du ikkje gitt «Skype for business» tilgong til ditt kamera. Sjå hjelpesida «Ofte stilte spørsmål».

Tilbake til videokonsultasjon

Fann du det du leita etter?