Vippetest

Poliklinikk for hjartesjukdommar Ålesund

Utredning for å finne ut kvifor ein svimar av.

Innleiing

Vippetesten brukast til å utrede kvifor ein uforklarleg svimar av, og har som formål å undersøke blodtrykk- og pulsregulering i oppreist stilling.

Vippetesten blir utført på ein benk som kan vippast til nesten stående stilling. Normalt vil pulsen auke lett mens blodtrykket held seg stabilt. Dersom blodtrykksreguleringa sviktar vil blodtrykket synke, og det er da ofte svært langsom puls. Ein kan bli svimmel eller svime av, men kjem seg raskt når benken blir lagt ned igjen.

Undersøkinga varer ca. 1 time. 

Tilvising og vurdering

 

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Ta med deg ei oppdatert medisinliste.

Faste: Du må vere fastande. Det vil seie at du ikkje skal ete, drikke eller røyke dei siste fire timane før undersøkinga. Dette fordi undersøkinga kan medføre at enkelte pasientar svimer av.

Medisin: Du kan ta dine faste medisinar som vanleg.

2. Under

Personalet du møter ved undersøkinga er sjukepleiar og lege.

Du får ligge på ein benk med fotbrett og som kan vippast til nesten ståande stilling. Ein sjukepleiar vil koble på deg EKG-elektrodar, og eit blodtrykksapparat. Det blir også lagt ei kanyle inn i ei blodåre. Når testen startar svingast benken opp, slik at hovudet ditt er høgt og beina lavt. Dersom det ikkje er utslag på testen etter 10 minutt, får du Nitrospray under tunga. Hvis fortsatt ikkje utslag etter ytterligare 20 minutt vil legen presse på sida av halsen din i nokre sekund for å undersøke om refleksbanen herifra til puls og blodtrykk er i orden.

3. Etter

Legen vil informere deg om resultatet av testen og eventuelt behandlingsalternativ.

Fastlegen får skriftleg svar.

Kanyla i blodåra blir fjerna etter avslutta test.

Kontakt

Oppmøte
Bruk inngangen på nordsida. Registrer deg i fellesluka og sett deg i ventearealet ved apoteket.
Hjartemedisinsk poliklinikk Ålesund
Besøkstider
måndag Kl. 08.00 - 16.00
tysdag - fredag Kl. 08.00 - 16.00
laurdag - sundag Stengt
Telefon
70 10 53 90
måndag - fredag Kl. 08.00 - 12.00 og 14.00 - 15.30
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.