Sikrar riktig behandling og lagring av prøvemateriale

Biobank1-HMR

Frå hausten 2017 får Helse Møre og Romsdal eigen Biobank, og er eit underavdeling til den regionale forskingsbiobanken i Helse Midt Norge. Biobank1-HMR er ein integrert del av Klinisk forskingspost HMR og tek ansvar for at prøver vert forsvarleg lagra og behandla etter gjeldane lover og føreskrifter. Biobank1 sørgjer for overvaking, og ein fullstendig historikk over korleis prøvene vart tatt, prosessert og lagra.

Biobank1 legg til rette for forsking i HMR; det vert lettare for forskarar å setje i gong med prosjekt som krev innsamling til Forskingsbiobank.

Biobank1 har fasilitetar på alle sjukehusa i føretaket. Prøvetakinga kan dermes skje der pasienten er, som sikrar betre kvalitet på materialet.

Kontakt Synnøve Yksnøy (Synnove.Yksnoy@helse-mr.no) ved spørsmål

Fann du det du leita etter?