
Organiseringa av prosjektet i ein utbyggingsorganisasjon og ein utviklingsorganisasjon med sterk medvirkning frå dei tilsette.
Prosjektstyret AIO
Prosjektstyret er eit internt arbeidsorgan for adm. dir. Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal, i gjennomføringa av AIO-prosjektet. Det er såleis ikkje eit føretaksstyre.
Heidi Nilsen
Leiar av prosjektstyret
Adm. dir. HMR HF
Ketil L. Gaupset
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
Kirsti Slotsvik
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
Torstein Hole
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
Lars Magnussen
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
Even Einarsson Bakøy
Styremedlem
Utpeika av tilsette i HMR HF
Leiarar i prosjektorganisasjonen
Jan Gunnar Sølberg er prosjektsjef for AIO-prosjektet og har det overordna ansvaret for leiinga av utbyggingsprosjektet. Sølberg har solid erfaring frå prosjektleiing av oppgradering av anlegg og bygg under drift frå byggeindustrien, oljebransjen og jernbane.

Anne Flo er prosjektleiar utvikling og har ansvaret for utviklingsorganisasjonen. Flo har leia arbeidet med AIO-prosjektet frå starten i 2021 og fram til forprosjektfasen, og har brei leiarerfaring innan sjukehusdrift.
Sykehusbygg
Sykehusbygg HF har gjennomføringsansvaret for planlegging og bygging av byggeprosjekta knytt til AIO frå og med forprosjektfasen. Sykehusbygg HF er eit nasjonalt føretak for sjukehusbygging.