Helse Møre og Romsdal har i likheit med mange andre helseføretak utfordringar med å skaffe nok jordmødre. Det gjeld ved alle sjukehusa i fylket. Fleire stillingar står ledige og avdelingane må leige inn vikarar for å dekke vaktene.

Frå da adm.dir Øyvind Bakke hospiterte på fødeavdelingen i Kristiansund i fjor sommar.
Investering for framtida- Nøkkelen til å bygge robuste fagmiljø er å utdanne våre eigne fagfolk. Eg er stolt av at vi no gjer ei historisk satsing på å utdanne fleire jordmødre ved å gi utdanningsstipend med full lønn. Dette er ei svært god investering for framtida, seier Øyvind Bakke.
Jordmorutdanninga går over to år etter fullført sjukepleiarutdanning og det krevs eitt års erfaring som sjukepleiar før ein kan starte på jordmorutdanninga. Dette er ei utdanning mange sjukepleiarar historisk har finansiert sjølv.
Helseføretaket startar no ein kampanje for å få fleire sjukepleiarar til å ta jordmorutdanning, og tilbyr 100% lønn i desse to åra mot at dei tek jobb på eit av dei fire sjukehusa i fylket etter endt utdanning.
Full lønn under - og full stilling etter utdanning
- Vi garanterer også at dei som fullfører utdanninga blir tilsett i 100%-stillingar i helseføretaket, seier Bakke, som lovar at dei no snur alle steinar for å gi best mogleg fødselsomsorg i fylket.
Tillitsvalt for jordmødrene i Helse Møre og Romsdal er strålande nøg med beslutninga.
- Dette visar at helseføretaket er villig til å satse. Å få 100 % lønn under utdanning og lovnad om full stilling etterpå er fantastisk, seier Cathrine Solsletten som er føretakstillitsvald for Den norske jordmorforening.
Ho får støtte som for støtte av føretakstillitsvalt Anette Lekve i Norsk Sykepleierforbund.
- Det er eit stort behov for jordmødre, så dette er verkeleg eit etterlengta og nødvendig grep. Det er kort frist, men vi håper no at folk hiv seg rundt og tek utfordringa, og at dette motiverer dei som kanskje har vore inne på tanken om å vidareutdanne seg i jordmorfaget, seier Lekve.
Ved utgangen av 2021 var det 16 studenter i løp. Seks med oppstart allerede i 2020, med 10 nye i 2021. Av disse er 1 tilsett ved Volda sjukehus, 2 i Molde, 4 i Ålesund og 3 i Kristiansund.
Gå tilbake til årsmelding for Forsking og Utdanning