HELSENORGE

Rett kompetanse til rett tid på rett stad


sengepost

Sengepostar som arena for oppgåvegliding, kompetansebygging og praksisstudiar

​I 2021 har ei gruppe i HMR hatt gåande eit samarbeid mellom Medisinsk sengepost 5 og Kirurgisk sengepost 1 ved Ålesund sjukehus og fagavdelinga kor kompetanse har vore fellesnemnar. I og med at ikkje er mogleg å auke utdanningstakta for sjukepleiarar i så stor grad som behovet auka,  stilte HMR seg spørsmålet:  Korleis kan sengepostane utviklast til seksjonar med endå meir robuste fagmiljø, som rekrutterar og bevarar godt?  
Marit Kjersem

-Vi har jobba med å utarbeide ei oversikt over kva oppgåver som blir gjort, kven som gjer dei, og om har vi rett ressurs på rett plass til rett tid. seier Marit Kjersem helsefagleg sjef og leiar av arbeidet.


-Det må bli tydelegare kva ein må nytte sjukepleiekompetanse til og kva oppgåver andre kan gjere. Det kan vere oppgåver knytt til både pleie, logistikk og administrative og merkantile funksjonar.  Kanskje er det funksjonar som kan delast på tvers av  seksjonar og avdelingar også?  


 
-I tillegg til å sjå på korleis praksisstudet for sjukepleiarar kan organiserast fokuserte vi på kompetanseplanlegging og oppgåveglidning. Begge sengepostane har utarbeidd strategiske kompetanseplaner og kartlagt korleis oppgåvegliding kan bidra til å frigje sjukepleiekompetanse. 

Færre sengeplassar - fleire studentar i praksis
Med færre sengeplasser og auka mengde studentar er det krevande å skaffe nok praksisplasser for sjukepleiestudentane. NTNU var invitert i denne delen av arbeidet, og bidrog til å sjå på korleis ein kan styrke kvaliteten på praksisstudiar. Det vart det utarbeidd felles retningslinjer med informasjon om kva krav det vert stilt til studentar i praksis. Å diskutere læringsutbytte og fag saman med utdanningsinstitisjonar og seksjonsleiarar har vore svært fruktbart og har styrka samarbeidet med NTNU og HMR.  HMR nyttar hovudveiledermpodell og SVIP,  og lærerane er med på evalueringa, noko som gjev stusentane betre praksis. 

Sengpost ntnu.jpg

God stemning rundt bordet, her representert ved praksis-delen av prosjektet,NTNU: Arnhild H. Vestnes, Janne Rita Skår, May Helen Midtbust. Foto. Marit Kjersem

Arbeid saman med NTNU vart godt mottatt i sengepostane, og vi syns alle vi fekk til eit godt sluttprodukt, ei ny prosedyre som tydeleggjer ansvarsområda. Vidare planlegg vi å oppretthalde den tette dialogen med NTNU framover, blant anna i fellesmøter med NTNU og aktuelle seksjoner for samarbeid rundt sjukepleiestudentar. Slike møtepunkt er av god nytte for oss med tanke på felles samarbeid rundt god praksisavvikling for dei mange studentane, og dermed også rekruttering av dyktige fagolk,  seier utdanningssjef Guro Berge 

 
-Det har vore spanande å jobbe i denne gruppa med sengepost og utdanningsseksjonen og sjå nærare på korleis ein kan løyse utfordringar med høg turnover og ein del nyansatte, seier Kjersem.  

 
 -Oppsummert, så trur vi at arbeidet i disse to sengepostane er overførbart til andre seksjoner i føretaket, og at det gode arbeidet som er nedlagt i malar og retningslinja er overførbart og kan nyttas i heile føretaket, avsluttar ho.   


 Dokument «Praksisstudier for sykepleiestudenter i HMR», ID 42887 - EQS