Tema som vart tatt opp til diskusjon var korleis skal vi betre integrere forsking og klinikk, korleis kan vi skape ein god forskingskultur, kompetansebygging etter fullført ph.d., kombinerte stillingar i samband med undervising og desentralisert medisinarutdanning, korleis vi kan bli betre på søknadsskriving og å skaffe eksterne forskingsmidlar, for å nemne nokon. Vi kom òg frem til ei rekkje forslag til konkrete tiltak som det no blir jobba vidare med.
Takk til alle som deltok og som bidrog til ei veldig hyggeleg og nyttig samling!
På bildet frå venstre: Åse Hagen Morsund, Tone Seim Fuglset, Egil Jonsbu, Lutz Schwettmann, Beate Horsberg Eriksen, Berit Kvalsvik Teige, Anne Line Stensjøen, Solveig Roth Hoff, Endre Grøvik, Anna Carina Skorpen, Solveig Bjellmo, Christer Jensen, Kjetil Roth, Krister Hagen, Lado Lako Loro, Sigmund Ytre-Hauge, Dag Arne Lihaug Hoff. Ikkje avbilda: Torstein Hole, Alf Inge Hellevik, Eirik Solligård.