Ei anerkjenning for arbeidet Helse Møre og Romsdal bidreg til

Den marine klynga Blue Legasea er tildelt status som Norwegian Centre of Expertise (NCE)

Hanna Fjeldheim Dale og Caroline Jensen forsker på marine råstoff
Hanna Fjeldheim Dale og Caroline Jensen.jpg

Hanna Fjeldheim Dale og Caroline Jensen forsker på marine råstoff



Helse Møre og Romsdal er ein del av dette samarbeidet som starta i 2014.

-Når ein skal forske på  marine råstoffa, er det viktig med gode studiedesign som gjev resultat ein kan stole på før konklusjonar om humane effektar vert tatt. I 2017/18 har vi gjennomført to studiar med friske frivillige studiedeltakarar. I desse dagar vert dei fyrste data publisert i Journal of Nutritional Science, seier forskar og seksjonsoverlege ved Klinisk Forskingspost i HMR Dag Arne Lihaug Hoff.  –Publikuminteressa for å delta i studiane har vore stor og ikkje alle fekk plass i denne omgang. No planlegg vi nye studiar første halvår 2019, denne gong med pasientar. Følge med på HMR si facebook side, meir informasjon vil kome her.

Om Blue Legasea klynga:
Etablert for å skape lønsemd for norsk fiskerinæring og samstundes gjere Norge til ein føregangsnasjon innan bærekraftig verdiskaping bastert på 100 prosent utnytting av marine råstoff. For å oppnå dette treng ein samarbeid i heile den marine verdikjeda og i skjeringspunktet marin/maritim næring.