Få hjelp til sikker innsamling og lagring av forskningsdata

Er du forskar i Helse Midt-Norge eller ved NTNU og lurer på kva løsyingar du trygt kan bruke til innsamling og lagring av dine helseforskingsdata? Helseforskingsportalen gir deg svaret.

Illustrasjon: Startsida til Helseforskningsportalen

​Helseforskingsportalen blei lansert 3. juni og er eit samarbeidsprosjekt mellom forskingsmiljøa ved St. Olavs hospital, Helse Møre og Romsdal, Helse Nord-Trøndelag, Sykehusapotekene i Midt-Norge, Helse Midt-Norge RHF, Fakultet for medisin og helsevitenskap ved NTNU og Helse Midt-Norge IT (Hemit).

Portalen rettleiar deg som forskar til godkjende løysingar for innsamling, lagring og deling av data basert på dine forskingsbehov. Løysingane i portalen er risikovurdert og godkjend for Helse Midt-Norge:

Fordeler for deg som forskar

Helseforskingsportalen gjer det enklare for deg å velje ei sikker løysing for innsamling og lagring av data i ditt forskingsprosjekt. Helse Midt-Norge har gjennomført risiko- og sårbarheitsvurderingar og inngått samarbeidsavtalar med leverandørar av tilbydde løysingar, som sparar prosjektet ditt for tid og pengar. Fleire av løysingane er gratis å ta i bruk, noko som betyr pengar spart for ditt forskingsprosjekt. Ved å bruke godkjende løysingar for lagring av forskingsdata bidreg til til å overhalde lovar og føreskrifter, samt ivareta personvern og informasjonssikerheit i tråd med GDPR.

Vidareutvikling av Helseforskingsportalen

Helse Midt-Norge og NTNU har etablert ei regional teneste for IKT-støtte til forsking for å sørge for at Helseforskingsportalen vert vidareutvikla i tråd med forskarane sine behov.  

Tenesta vert forvalta av Hemit i tett samarbeid med forskingsmiljøa ved St. Olavs hospital, Helse Møre og Romsdal, Helse Nord-Trøndelag, Sykehusapotekene i Midt-Norge, Helse Midt-Norge RHF og Fakultetet for medisin og helsevitenskap ved NTNU.

Har du innspel til ny funksjonalitet, finn du ikkje ei løysing som dekker dine behov, eller har du forslag til andre forbetringar, vil vi gjerne høyre frå deh. Ta kontakt med forskibgsstøtte-einingane ved helseføretaka eller Fakultet fir medisin og helsevitenskap ved NTNU. Kontaktinformasjon finn du på høgre side i Helseforskingsportalen.