
Ein aukande del av befolkninga er overvektig, eller har fedme og treng behandling for dette fortel Jorunn Sandvik
Årleg vert 3000 nordmenn operert for ekstrem fedme. Ny kunnskap om alvorleg fedme har erstatta oppfatninga av at fedme er ein sjølvforskyldt tilstand med ei forståing av at fedme er ein kronisk progressiv sjukdom med samansatte årsaksfaktorar. I 2004 blei dei regionale helseføretaka pålagt å etablere eit tilbod om kirurgisk behandling av alvorleg fedme. Dette ga for første gong personar med alvorleg fedme status som pasientar i spesialisthelsetenesta, og mange pasientar har hatt stor nytte av behandlinga. Andre har i etterkant fått plager som kan ha samanheng med fedmeoperasjonen. Sandvik sitt ph.d.- arbeid er eit prosjekt som brukar data frå over 600 pasientarforløp i det lokale kvalitetsregisteret for fedmekirurgi i Helse Møre og Romsdal frå perioda 2004-2013.
God helseeffekt
Sandvik har ikkje berre sett på endring i vekt etter operasjonen, men også målt korleis pasienten opplever helsa si etter inngrepet. Av 233 pasientar som har besvart livskvalitetsskjemaet SF-36, opplevde to tredjedelar at dei har fått betre helse, på alle måtar. Ein fjerdedel opplevde inga endring, medan åtte prosent seier at helsetilstanden har forverra seg. Avhandlinga til Jorunn Sanvik viser at halvparten blir undersøkte for magesmerter, og ein tredjedel treng intravenøst tilskot av jern i åra etter operasjonen.
-Nokre opplevde at plagene etter operasjonen var større enn gevinsten av å gå ned i vekt. Ein del pasientar ser kanskje at dei kunne hatt eit godt liv utan operasjon. Mange pasienter opplever og at det er krevande å vere fedmeoperert, seier fedmeforskaren.
Studien viser også at pasientane opplever at helsa er blitt betre uavhengig av om vekta har gått ned mykje eller lite ned, og uavhengig av om vekta har gått opp igjen seinare. Den positive effekten på andre sjukdomar som diabetes er stabil sjølv om ein går noko opp i vekt igjen.
Disputas
Doktorgradsprøva og prøveførelesinga til Jorunn Sandvik kan følgjast digitalt.
https://www.ntnu.no/kalender/detaljer/-/event/0382b127-dff4-3afe-9f8e-0ace3ef4d9cd
Avhandlinga er lagt ut på NTNU/Universitetsbiblioteket og kan lastast ned her: https://hdl.handle.net/11250/2657599

Doktorgradsprøve: Long-term results after surgival treatment for severe obesity