Målet med Protokollskulen er å gi deltakarane ein god
start på forskarreisa. I løpet av to dagar får 15 deltakarar eit innblikk i alt frå å utforme
forskingsspørsmål og problemstillingar til å bruke statistikk og
forskingsdesign og skrive forskingsprotokoll.
Fullteikna kurs
Kurset er svært populært og fullteikna. Deltakarane
kjem hovudsakeleg frå Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag, men det er
og nokre frå andre stader i landet.
Målet med vidareutdanningskurset er at fleire
tilsette skal kunne kvalifisere seg til opptak og finansiering av
forskarutdanning (Ph.d). Protokollskulen er retta mot tilsette i kommune- og
spesialisthelsetenesta.
Den offisielle tittelen på kurset er
«Helseforsking – frå idé til prosjektprotokoll». Dette er eit samarbeid mellom
Helse Møre og Romsdal, Helse Nord-Trøndelag og NTNU. Protokollskulen
kvalifiserer til 7,5 studiepoeng ved NTNU.
Les
meir om Protokollskulen