Samarbeidsorganet lyser ut regionale forskingsmidlar til prosjekt i 2021

Samarbeidsorganet lyser ut regionale forskningsmidlar frå Helse Midt-Norge RHF til medisinske og helsefaglege prosjekt for oppstart i 2021. Søknadsfrist er 15. juni.

Foto: Kristin Støylen

Foto: Kristin Støylen

Kvart år lyser Helse Midt-Norge RHF ut om lag 60 millionar kroner til forskingsprosjekt innan medisin og helse. Årets utlysing kan du no sjå på Samarbeidorganet sine nettsider.

Det er regionalt samarbeidsorgan for utdanning, forsking og innovasjon (SO) som lyser ut forskingsmidlane. Utlysinga er open for tilsette i helseføretaka i regionen, og for tilsette ved universitet/høgskular og private aktørar i samarbeid med helseføretak. Merk at det er krav til aktiv deltaking i gjennomføringa av studiane frå samarbeidspartane. Søkjarar frå HMR må sende melding til forsking@helse-mr.no om søknadar.

Grunna koronapandemien er søknadsfristen utsett frå 1. til 15. juni 2020. Tildelinga vert vedteken av Samarbeidsorganet i november.

Ulike søknadskategoriar
Det vert lyst ut forskingsmidlar innanfor følgjande søknadskategoriar:

Stillingar

  • Doktorgradsstipend (ph.d.) med kjend kandidat (inntil 3 år)
  • Doktorgradsstipend (ph.d.) med ukjend kandidat (inntil 3 år)
  • POstdoktorstipend (inntil 3 år)
  • Stillinger retta mot innovasjon (ph.d.-, postdoktor- eller forskarstipend, inntil 3 år)

-Prosjektmidlar (frå kr 500 000 til 1 mill. årleg i 1-3 år)

-Utlandsopphald (varigheit 3-12 mnd.)

Det er i tillegg mogleg å søkje om ekstra driftsmidlar frå minst èin tilsett i eit hesleføretak, og samarbeid og forankring i klinikken skal synleggjerast i søknaden.

Prosjekta som mottek tildeling i denne utlysinga kan tidlegst ha oppstart 1. januar 2021, og må seinast vere igongsett innan 1. august 2021.

Ønskjer Helseplattformen-prosjekt

I utlysninga oppfordrast det særleg til å søke på forskingsprosjekt som nyttar og/eller bygger på Helseplattformen innanfor dei respektive satsingsområda, eller prosjekt som evaluerar effektar og endringar i helsetenesta ved å ta Helseplattformen i bruk i ulike samanhengar.

Videre viser ein til Helse Midt-Norges forskningsstrategi 2016-2020 og innovasjonsstrategi for 2016-2020.

Det er eit krav om at prosjektet skal ha aktivt samarbeid fra minst éin tilsatt i eit helseføretak, og samarbeid og forankring i klinikken skal synliggjerast i søknaden.

Søknad med vedlegg leveres i søknadssystemet eSøknad

Mer informasjon

Les meir om utlysningen på vår nettside «For deg som skal søke midler». Heile utlysningsteksten og retningslinjer på norsk og engelsk finns på Samarbeidsorganets nettsider.

Har du spørsmål, kan du kontakte sekretariatet for Samarbeidsorganet: samarbeidsorganet@mh.ntnu.no