Såkornmidlar

Utlysing av interne midlar Helse Møre og Romsdal

For å stimulere til auka forskingsaktivitet og vitskapleg publisering i Helse Møre og Romsdal HF vert det lyst ut interne forskingsmidlar.

FIUK-seksjonen har fått klarsignal til årets første og einaste utlysing av såkornmidlar. Antal søknadar og økonomisk ramme vil gje grunnlag for tildelinga.

Søknadsfrist 20. juni, to vekers behandlingstid etter søknadsfrist.

Kandidatar i ph.d.-løp /post.doc.-stillingar bør søke driftsmidlar for prosjektet sitt hos SO (prosjektmidlar) og mildar til Open Access hos sin utdanningsinstitusjon, då dei ikkje vil verte prioritert for såkornmidlar.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Kategori 6 og 7: fortløpande søknadsfrist

Kven kan søke?

Tilsette med minimum 50 % stilling i HMR

Kor mykje kan du søke om?

I kategori 1 til 5 kan du søke om støtte på inntil 100 000 NOK, i kategori 6 og 7 kan du søke om mindre beløp (spesifisert per kategori).

Du kan ikkje søke om:

Støtte til utgifter/ aktivitetar som kan dekkast av driftsmidlar (dersom du til dømes har eit ph.d.- eller postdoktorstipend). Såkornmidlar skal utgjøre eitt supplement til finansiering av forsking, og etablerte forskarar oppmodast difor til å søkje ekstern finansiering – spesielt ved planlegging og gjennomføring av større prosjekt.

Såkornmidlane er fordelt på sju kategoriar - du kan søke om støtte til:

  1. å skrive artikkel
  2. å utarbeide protokoller til ph.d- eller postdoktorsøknadar - til Samarbeidsorganet Helse-Midt/NTNU, Forskningsrådet, Kreftforeningen eller liknande
  3. å utarbeide søknadar til forskings- eller innovasjonsprosjekt
  4. å dekke uforutsette utgifter i oppstart av, eller underveis i ph.d-, postdoktor-, forskings- eller innovasjonsprosjekt
  5. å dekkje utgifter i samband med forskingskurs, forskingsseminar, oppstartsseminar forskingsprosjekt, nettverksmøter mm (mellom anna som arrangør)
  6. å dekke utgifter i forbindelse med publisering av artiklar (maksbeløp 30.000):

    • publisering i tidsskrifter med fri tilgang (Open Access)
    • omsetting av artiklar til anna språk
    • korrekturlesing m.v.

    7.  å delta på konferansar, møter eller kurs for å presentere eiga forsking (maksbeløp 20.000)

Viktig: krav til søknadar (kategori 1 til 5):

Artiklar som spring ut frå såkornmidlar skal krediterast føretaket etter gitte reglar (se mer info under kat. 6 og 7)
Rettleiar/mentor bør ha forskarkompetanse (ph.d.)

Husk å legge ved:

  • Søkjar sin CV (anbefalt lengde 2 sider)
  • Søknad med framdriftsplan
  • Protokoll (maks 10 sider inkl. referansar) eventuelt utkast til artikkel
  • Budsjett
  • Forankring frå rettleiar/mentor på protokollen/søknaden/prosjektet
  • Permisjonsstøtte frå seksjons-/avdelingsleiar og klinikksjef (ein kopi av epost er tilstrekkeleg)

Alle vedlegg må være i PDF

Viktig: Krav til søknadar (kategori 6 og 7): 

  • Arbeidet skal krediterast HMR etter gitte kriteriar:
      • Tidsskriftet må være på lista over CRIStin sine godkjente tidsskrift
      • Det må være oppgitt riktig affiliasjon / adresse på publikasjonen:
        Utanlandske tidsskrift:
        Kristiansund / Molde / Volda / Aalesund Hospital, Møre and Romsdal Hospital Trust, Norway
        Norske tidsskrift:
        Kristiansund / Molde / Volda / Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF

    Dersom ein ikkje har eige forskingsfond på avdelinga/i klinikken eller dersom ph.d-grad el postdoktorarbeid, forskingsprosjekt, artikkelskriving mm ikkje har driftsmidlar kan ein søkje Såkornmidlar for deltaking på konferanse/presentasjon av eiga forsking

Husk å legge ved: 

  • Kortfatta søknad og budsjett
  • Utkast artikkel

Alle vedlegg må være pdf

Klikk her for å fylle ut og sende inn søknad om såkornmidlar
(krev innlogging på HMR-nett)


Spørsmål?

Kontakt forskingsrådgjevar
Bente Talseth-Palmer Bente.Talseth-Palmer@helse-mr.no

Therese Stern, therese.stern@helse-mr.no