HELSENORGE
PRISUTDELING

Klinikarprisen 2021 til revmatolog ved Ålesund sjukehus

Prisen frå Norsk Revmatologisk forening (NRF) gjekk i år til Maud-Kristine Aga Ljoså, overlege ved Revmatologisk avdeling i Ålesund, for sin innsats for faget gjennom mange år.


Maud-Kristine Aga Ljoså

Mangeårig innsats for revmatologi
Prisen på kr 25 000 vart delt ut på NRF sitt årsmøte 25.november. Ljoså fekk prisen både for innsatsen sin for faget gjennom mange år, og for rolla si som leiar av organisasjonskomiteen for den store skandinaviske kongressen SCR 2021. Kongressen vart ein stor suksess fagleg og sosialt med over 500 deltakarar, og Ljoså sitt engasjement i gjennomføringa av denne er lagt merke til både nasjonalt og internasjonalt.

Ljoså har også vore ein aktiv pådrivar for avdelinga sin deltaking i fleire store kliniske studiar (sjå f.eks: Norske studiar kan endre leddgiktsbehandling), og har ein stor del av æra for at avdelinga er så forskingsaktiv.

Genuint interessert i kvar enkelt pasient
-Ein så velfortent pris, gratulasjonar til Maud-Kristine, seier Jorun Bøyum, klinikksjef ved Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Maud-Kristine er ein engasjert og fagleg dyktig overlege, som er opptatt av å bygge eit solid fagmiljø innan revmatologi i HMR.

Ho brenn for spesialiteten og utdanning av nye legar, fortel Bøyum. Ho er genuint  interessert i kvar enkelt pasient,  at dei skal få eit godt behandlingstilbod og oppfølging etter nasjonale standardar.

- Maud-Kristne sitt engasjement er viktig for å halda oppe det gode fagmiløet som er innan revmatologi i HMR, og i tillegg smittar engasjementet hennar over og inspirerer kollegaer i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering.

Fortent pris!
I følgje medisinskfagleg ansvarlig ved Revmatologisk, Hallvard Fremstad, var prisvinnaren både overvelda og overraska og utbraut i sin takketale: - Har eg fortent dette då? Kollegaer lokalt og nasjonalt er skjønt samde om at ho i høgaste grad fortener denne utmerkinga. Vi gratulerer og er umåteleg stolte!

 

---
Relaterte saker:
Norske studiar kan endre leddgiktsbehandling
https://helse-mr.no/om-oss/nyheiter/nyheiter-2021/norske-studiar-kan-endre-leddgiktsbehandling

Resultat frå NORD-STAR publisert i The British Medical Journal
https://helse-mr.no/fag-og-forsking/forsking-og-innovasjon/forskingsnyheiter/resultat-fra-nord-star-publisert-i-the-british-medical-journal

Revmatologane i Ålesund arrangerer nordisk kongress for revmatologi
https://helse-mr.no/om-oss/nyheiter/nyheiter-2021/revmatologane-i-alesund-arrangerer-nordisk-kongress-for-revmatologi