Fagbiblioteket i HMR

Fagbiblioteket er eit medisinsk bibliotek tilgjengeleg for alle tilsette i helseføretaket, og skal støtte opp om vidareutdanning, forsking og kompetanseheving.  Tenestene du får ved Fagbiblioteket er gratis.

Hos Fagbiblioteket i Helse Møre og Romsdal kan du få hjelp til
å låne bøker og få tilgang til fulltekstartiklar. Bibliotekar Eva M.
N. Lundanes rettleier deg gjerne i litteratur- og artikkelsøk,
gir hjelp til litteratursøking ved utarbeiding av fagprosedyrer,
gir støtte og rettleiing i referansearbeid og EndNote eller
andre elektroniske ressursar via skype. Dei tilsette i Fagbiblioteket kan kjøpe inn og  etablere abonnement på tidsskrift, enten i papirformat, men
mest ved elektronisk tilgang. HMR har avtale om tilgong til
ClinicalKey frå Elsevier.

Fagbibliotekar held kurs i litteratursøking og i EndNote, og informerer ved besøk på avdelingar og seksjonar. Bibliotekar registrerer og kontrollerer publikasjonar til NVI-rapportering i Cristin-databasen, og registrerer
og administrerer forskarprofilar i Cristin.
Spørsmål?
Ta kontakt på: bibliotek@helse-mr.no eller tlf 70 10 68 58

Plassering, kontaktinfo og opningstider

Fagbiblioteket Kristiansund sjukehus

fagbibliotek.kristiansund@helse-mr.no
Telefon: 71 12 10 60

Plassert i underetasjen i hovudbygget

Måndag - fredag kl 07.30-15.00 (ubetjent 2 fredagar i månaden)

 

Fagbiblioteket Molde sjukehus

bibliotek@helse-mr.no

Plassert i underetasjen på Lundavang

Måndag - fredag kl 08.00-15.30 (Vanlegvis betjent tysdag og torsdag kl 10-14)

 

Fagbiblioteket Ålesund sjukehus

biblioteket.alesund.sjukehus@helse-mr.no
Telefon: 70 10 68 58

Kjelder for søk

Søk etter faglitteratur og lån.
Du kan søke opp, låne og reservere medisinsk faglitteratur via www.oria.no. Vidare finn du også vitskaplege artiklar, e-bøker og tidsskrift innan ditt fagfelt her. Kontakt Fagbiblioteket dersom du ikkje har lånekort.


Fagbiblioteket sine intranettsider

Som tilsett i HMR finn du mer informasjon om Fagbiblioteket sine tenester på intranettsidene (krev intern pålogging)

Fann du det du leita etter?