Registrering av forskingsprosjekt og kvalitetssikringsprosjekt

Følgjande skal registrerast i dette skjemaet: forskingsprosjekt, inkludert multisenterprosjekt, legemiddelutprøving,  helsetenesteforsking, kvalitetsregister, kvalitetssikringsprosjekt, utlevering av pasientopplysningar, jf pkt 1.2 i skjemaet.

registrering av forskingsprosjekt
 

Alle  tilsette i Helse Møre og Romsdal kan fylle ut skjemaet. Merk at skjemaet ikkje er synleg for folk utanfor helseføretaket. Utfylt skjema og vedlegg er grunnlag for klinikksjefs vurdering av om prosjekt kan setjast i gang, og også for xxx-nemndas vurdering av prosjekta.

Skjemaet har tre føremål:

  • Reiskap for etterleving av  krav i artikkel 30 i Den europeiske personvernforordninga (GDPR) om å føre protokoll over behandling av personopplysningar
  • Vere verktøy for Helse Møre og Romsdals internkontroll i samband med helseforskingslova (jf § 4 i helseforskingsforskrifta),  og andre lover og forskrifter knytt til forsking,
  • Gi direktør, klinikksjefar, avdelingssjefar og andre som arbeider med forsking og kvalitetssikring oversikt over forsking, kvalitetssikring og utlevering av personopplysningar i Helse Møre og Romsdal.

Nokre råd til utfyllinga:

a) Der svaralternativa er avkryssing i firkantruter, kan du krysse for fleire. Feks er studiar om legemiddelutprøving nesten alltid også multisenterstudie. 

b) Du må fylle ut alle spørsmål merka med raud stjerne før du klikkar på OK og lagrar det du har gjort.  Viss skjemaet ikkje blir "borte" når du klikkar på OK, sjekk at du har fylt ut alle punkt som er merka med raud stjerne

c) Når du er ferdig med utfylling av skjemaet, vel du "Ferdig" i pkt 10 i skjemaet. 

d) Når du skal redigere i skjema, klikkar du på denne lenka, og finn fram til ditt eige skjema

e) Legg ved følgjande dokument når aktuelt:  Samtykkeskriv, protokoll, godkjenning frå REK,SLV, Helsedirektoratet, NSD og dokumentasjon frå gjennomført DPIA.  Ved godkjenning frå NSD: her vil vi også gjerne ha kopi av søknaden. 

Utfylling av skjemaet:  

Nytt skjema til utfylling finn du her.

Prosjekt registrert i skjema som tidlegare var i bruk

finn du her. Merk at der er fleire sider med registreringar, så det kan hende du må scrolle nedover lista før du finn det aktuelle skjemaet.


Fann du det du leita etter?