Dei etiske problemstillingane er knytt både til resultat i forskinga og til forskninga som prosess.
Klinisk etikk-komité (KEK) i Helse Møre og Romsdal
- Eit rådggjevande organ i helseføretaket
Klinisk etikk-komité (KEK) er rådgivande i etiske spørsmål. Den er eit forum for diskusjon av vanskelege problem i situasjonar der løysingane ikkje er opplagde, både før avgjerder vert tekne - og i ettertid.
KEK skal sørge for ei brei og opa drøfting av vanskelege etiske dilemma. Dette kan gi kunnskap til hjelp i liknande situasjonar seinare. KEK vil medverke til å heve etisk kompetanse i helsefaglege spørsmål ved å arrangere seminar, undervisning osv. Pasientar, pårørande og tilsette kan ta kontakt med KEK for råd. Alle som tar kontakt med KEK får skriftleg svar.
Finn mandat, kontaktinformasjon og medlemmar i KEK her.
Forskningsetisk utval NTNU og Helse Midt-Norge RHF
Forskningsetisk utval er redelighetsutval for NTNU og Helse Midt-Norge RHF.
Utvalet skal:
- behandle og gi uttaling i saker ved mistanke om vitskapleg uredeleghet eller moglege brudd på anerkjente forskingsetiske normer
- gje uttaling i meir generelle og konkrete saker som inneheld forskingsetikk (gjeld kun for NTNU)
Finn mandat, kontaktinformasjon og medlemmar i det regionale utvalet her.