Utlysing av interne midlar HMR

Såkornmidlar

For å stimulere til auka forskingsaktivitet og vitskapleg publisering i Helse Møre og Romsdal HF vert det lyst ut interne forskingsmidlar.

Vi har løpande søknadsfrist i kategoriane 6 og 7: 

  • Kategori 6 - Utgifter i forbindelse med publisering (oversetting, open access, korrekturlesing m.m. - maksbeløp 30 000)
  • Kategori 7 - Utgifter i forbindelse med presentasjon av forskning på konferanser (maksbeløp 20 000)

Sjå link til søknadsskjema nedst på sida. 

Årets (2020) utlysing for de andre kategoriane (1-5) er nå lukka.

  • Kategori 1 - Skrive artikkel
  • Kategori 2 - Utarbeiding av protokollar til ph.d. eller postdoktor søknadar
  • Kategori 3 - Utarbeiding av søknadar til forskings- eller innovasjonsprosjekt
  • Kategori 4 - Å dekke uforutsette utgifter i oppstart av, eller undervegs i ph.d., postdoktor, forskings- eller innovasjonsprosjekt
  • Kategori 5 - Å dekke utgifter i samband med forskingskurs, forskingsseminar, oppstartsseminar forskingsprosjekt, nettverksmøter, mm (mellom anna som arrangør)

Kven kan søke?

Tilsette med minimum 50 % stilling i HMR

Kor mykje kan du søke om?

I kategori 1 til 5 kan du søke om støtte på inntil 100 000 NOK, i kategori 6 og 7 kan du søke om mindre beløp (spesifisert per kategori).

Du kan ikkje søke om:

Støtte til utgifter/ aktivitetar som kan dekkast av driftsmidlar (dersom du til dømes har eit ph.d.- eller postdoktorstipend). Såkornmidlar skal utgjøre eitt supplement til finansiering av forsking, og etablerte forskarar oppmodast difor til å søkje ekstern finansiering – spesielt ved planlegging og gjennomføring av større prosjekt.

NB! Midlane må i sin heilskap brukast innan 2020.

Sjå krav til søknadar nedanfor og link til søknadsskjema nedst på sida.

Viktig: krav til søknadar (kategori 1 til 5):

Artiklar som spring ut frå såkornmidlar skal krediterast føretaket etter gitte reglar (se mer info under kat. 6 og 7)
Rettleiar/mentor bør ha forskarkompetanse (ph.d.)

Husk å legge ved:

  • Søkjar sin CV (anbefalt lengde 2 sider)
  • Søknad med framdriftsplan
  • Protokoll (maks 10 sider inkl. referansar) eventuelt utkast til artikkel
  • Budsjett
  • Forankring frå rettleiar/mentor på protokollen/søknaden/prosjektet
  • Permisjonsstøtte frå seksjons-/avdelingsleiar og klinikksjef (ein kopi av epost er tilstrekkeleg)

Alle vedlegg må være i PDF

Viktig: Krav til søknadar (kategori 6 og 7): 

  • Arbeidet skal krediterast HMR etter gitte kriteriar:
      • Tidsskriftet må være på lista over CRIStin sine godkjente tidsskrift
      • Det må være oppgitt riktig affiliasjon / adresse på publikasjonen:
        Utanlandske tidsskrift:
        Kristiansund / Molde / Volda / Aalesund Hospital, Møre and Romsdal Hospital Trust, Norway
        Norske tidsskrift:
        Kristiansund / Molde / Volda / Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF

    Dersom ein ikkje har eige forskingsfond på avdelinga/i klinikken eller dersom ph.d-grad el postdoktorarbeid, forskingsprosjekt, artikkelskriving mm ikkje har driftsmidlar kan ein søkje Såkornmidlar for deltaking på konferanse/presentasjon av eiga forsking

Husk å legge ved: 

  • Kortfatta søknad og budsjett
  • Utkast artikkel

Alle vedlegg må være pdf

Klikk her for å fylle ut og sende inn søknad om såkornmidlar  (krev innlogging på HMR-nett)


Spørsmål?
Kontakt forskingsadministrasjonen på forsking@helse-mr.no