Klinisk forskingspost og Biobank1

Klinisk forskingspost (KF) legg til rette for kliniske studiar med utspring i kliniske forskarmiljø frå alle sjukehusa i Helse-MR. Oppdragsforsking innan klinisk medisin for næringslivet tek vi godt imot. KF stiller med kompetanse og infrastruktur, både for enkle og meir avanserte kliniske intervensjonar.

Ansatte i Klinisk Forskingspost
 

Klinisk Forskingspost legg vekt på at studiedeltakaren kjenner seg trygg og omsorgsfullt handsama. Eininga er ny og skal utviklast som ein ressursstad for forsking i føretaket, men også til nytte for forskarar innan naturlege miljø for klinisk medisin / medisinsk teknologi elles i Midt-Norge.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.