Open for deltaking

Barmeds

Bakgrunn og føremål:
I BAR-MEDS studia vert det undersøkt om inngrepa gastric bypass og gastric sleeve påverkar opptaket og fordelinga (farmakokinetikk) av legemidlar. Kirurgi i mage-tarm kan påverke både pH, passasjetid og arealet av tarmoverflate. Desse faktorane, og den påfølgande endringa i kroppsvekt, har potensielt betydning for dosering av legemidlar og om denne må endrast etter operasjonen.

Gjennomføring:
Besøk på Klinisk forskingspost før og etter operasjonen, ta blodprøver på fleire tidspunkt i løpet av 24 timer.
Studien utgår frå St. Olavs Hospital, men pasienter fra heile landet kan delta
Lenke:
https://stolav.no/kliniske-studier/bar-meds-studien
Ansvarleg lege i Helse Møre og Romsdal: Dag Arne Lihaug Hoff.
Dersom du bur i Møre og Romsdal kontakt:
Ålesund sjukehus: Klinisk forskingspost telefon 70106192.

Fann du det du leita etter?