Føremål:
Ei nasjonal fleirsenterstudie (20 sjukehus deltar) om behandlingsprinsipp for den inflammatoriske tarmsykdommen Ulcerøs kolitt. Det er gode indikasjoner for at kontinuerleg behandling ikkje er nødvendig for at sjukdomen skal haldast i sjakk. Studien vil undersøke om dette stemmer – om ein kan få like god behandling om ein fortsett eller stoppar å bruke biologiske medikament i gruppa anti-TNF alfa hemmer.
Gjennomføring:
Dersom du har ulcerøs kolitt, brukar medisin i gruppe anti-tnf alfa hemmer og har vore frisk (i remisjon) i 12 månader kan du vere ein potensiell deltaker. Du vil bli fulgt opp nøye kvar 3 måned i 2/4 år. Snakk med din behandlande lege eller kontakt oss direkte for mier informasjon. Klinisk Forskingspost har ansvaret for den nasjonale koordineringa og den lokale drifta av studien.
Har du spørsmål: Ta kontakt med Ingrid Prytz Berset, gastroenterolog:
Mail: ingrid.prytz.berset@helse-mr.no
Dersom du bor i Møre og Romsdal kontakt:
Ålesund sjukehus: Klinisk forskingspost telefon 70106192.