Colonize-studien: Open for deltaking
Tarmflorabehandling ved primær clostridium difficile infeksjon
Bakgrunn og føremål:
Clostridium difficile-infeksjon (CDI) er ein komplikasjon til antibiotikabehandling mot andre infeksjonar. CDI vert i dag behandla med meir antibiotika, men ca 1av 4 opplever langvarig infeksjon eller tilbakefall av CDI fordi antibiotika forårsakar ein forstyrra tarmflora. I denne studia vert resultatet av ein "pilotstudie" fulgt opp. Pilotstudien har vist at behandling med friske tarmbakteriar kan vere like bra eller betre enn antibiotika for å kurere sjukdomen. Føremålet med Colonize-studien er å verifisere om dette stemmer.
Gjennomføring:
Viss du er pasient på eit norsk sjukehus som er deltakar i studien, og har Clostridium difficile-infeksjon for første gang er du ein potensiell deltakar.
Deltakarar vil ved tilfeldig loddtrekning få tilbod om behandling med frisk tarmflora som eit klyster eller standard behandling med antibiotika (vankomycin) i 10 dagar og bli fulgt opp i 60 dagar.
Viss du bur i Møre og Romsdal, kontakt:
Ålesund sjukehus: Klinisk forskingspost telefon 70106192. Ansvarleg lege i Helse Møre og Romsdal: Gastroenterolog og seksjonsoverlege Dag Arne Lihaug Hoff.
Studien er finansiert av forskningsmidlar fra Forskingsrådet
Lenke til prosjektside i CRISTIN: https://app.cristin.no/projects/show.jsf?id=648274