Tips for poster og abstrakt på kurs og konferanser

Mal for vitskapleg poster og abstrakt

Har du noko interessant frå ditt fagfelt som du vil presentere for andre? Då er posterpresentasjon ei ypparleg moglegheit. Her finn du nyttige tips og råd om abstrakt og postere for tilsette i HMR

Bilete av postermal_liggande.jpg
Tips for abstrakt

• Hugs at du skal overbevise / «selge» forskinga di og at du konkurrerer med mange om høve til å presentere.
• Eit strukturert abstrakt er typisk bygd opp etter "IMRaD modellen": introduksjon, metode, resultat og diskusjon.
• Husk at mange konferansar har ordgrense, sjekk konferansens abstraktmal. Lag ein tittel som er kort, konsis og fengande, og som skildrar resultata / funna dine.
• Sett strek under namnet på den/dei som skal presentere posteren på konferansen/seminaret. 
• Fagavdelinga i HMR, Seksjon for forsking og innovasjon har forskingsrådgjevarar som kan lese gjennom og kome med kommentarar. Sjå kontaktinfo her

I hovudsak skal ikkje tabellar, figurar og referansar vere med i abstraktet.

Klikk under for å laste ned mal (wordfil) som du kan redigere:

Tips for ein god poster 

Utforming av sjølve posteren
Ein poster er ein vitskapleg presentasjon, men er meir å samanlikne med ein reklameplakat enn med ein tidsskriftartikkel. Bruk figurar og bilete! 

Størrelse
Det er ingen standard mål på dette, så sjekk alltid måla arrangør oppgjev. Dersom ikkje anna er oppgitt bør posteren sin størrelse vere innanfor desse ytre måla: Høgde 120 cm og bredde 84 cm (format A0).

Tittelen
Ein god og dekkande tittel er viktig. Denne skal lokke til interesse for det du vil formidle og den må vere lik abstraktet du har sendt inn.

Forfattarane
Under tittel fører du opp namn, yrkestittel og fagleg tilknytting/organisasjon til forfattarane, samt kontaktinformasjon (e-post) til korresponderande forfattar nedst på sida. 

Bakgrunn
Innleiinga skal kort fortelje om bakgrunnen for arbeidet og kva du ville at studia di skulle vurdere, påvise eller avvise. 

Resultata
Du treng ikkje ta med alle detaljar frå studien. List opp dei viktigste resultata oversiktleg og kortfatta. Fortrinnsvis bør ein bruke diagram for å vise resultat: bilete og figurar kan langt på veg erstatte tekst, samtidig som det er eit blikkfang. 

Konklusjon
Konklusjonen skal presenterast lett synlig i stikkordsform. Konklusjonen kan vere "svar" på ditt spørsmål.

Mal for poster 
Klikk under for å laste ned mal (powerpoint) som du kan redigere:


Bilete/ illustrasjonar

Du finn bilete under verktøy på intranett (kun for tilsette). 

Utskrift
Fagavdelinga har ein skrivar i Ålesund, adm.bygget som kan skrive ut i A0 og A1, ta kontakt på forsking@helse-mr.no så hjelper vi deg. 

Fann du det du leita etter?