Personvernombod for forsking

Personvernombodet skal ivareta personverninteressene til alle som får personopplysningar registrert i HMR. Sjølv om personvernombodet er tilsett i HMR, har ombodet ei uavhengig stilling i arbeidet som ombod.

Personvernombod for forsking

I samsvar med den europeiske personvernforordninga (GDPR), som skal innførast i Norge i løpet av sommaren 2018, saman med ny personopplysningslov, har Helse Møre og Romsdals (HMR) personvernombod for forsking følgjande oppgåver:

  • Informere og gi råd til HMR og forskarar om personvern i forsking, kvalitetssikring og for kvalitetsregister:
    • Gi råd om ansvarsfordeling for oppgåver knytt til å ta vare på personvern i forsking
    • Gjennomføre haldningsskapande arbeid og opplæring av medarbeidarar
    • Informere, gi råd og anbefalingar for å sikre at regelverket blir etterlevd.
  • Overvake etterleving av personvernregelverk og anna relevant regelverk.  HMR er ansvarleg for at regelverk bli etterlevd, personvernombodets overvaking og kontroll er hjelpemiddel til gjennomføring av dette.
  • Bidra til å få oversikt over kva personopplysningar som blir brukte i forsking, kvalitetssikring og kvalitetsregister, samsvar med artikkel 30 i GDPR.  Det blir gjort ved at prosjektansvarlege i HMR registrerer forskingsprosjekt, kvalitetssikringsprosjekt og kvalitetsregister i samsvar med HMRs retningsliner (krev tilgong til interne sider).
  • Gi råd og eventuelt hjelpe med gjennomføring av vurdering av personvernkonsekvensar (Data Protection Impact Assessment – DPIA)
  • Samarbeide med Datatilsynet og fungere som kontaktpunkt mellom HMR og Datatilsynet

Referanse:  Prop. 56 LS (2017–2018) Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) og samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse av forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i EØS-avtalen

KONTAKT:
Bodil Røyset 
Personvernombud for forsking HMR
Volda
Bodil.Royset@helse-mr.no
40 22 42 76

Fredrik Høie Jordet
Personvernombud for forsking, Helseforetakene i Helse Midt-Norge
Levanger
fredrikhoie.jordet@helse-nordtrondelag.no
74 09 73 53

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.