
Klikk på biletet for å sjå film om Klinisk Forskingspost
Våre tenester
Klinisk Forskingspost HMR (populært kalla «Forskingsposten») opna i 2017 for å hjelpe fram klinisk forsking i sjukehusa og tilbyr brei klinisk forskings støtte.
Forskingsposten har sjukepleiar, bioingeniør, lege, kort veg til statistikar og studiemonitor og ikkje minst nettverk for forskingsstøtte lokalt, regionalt og nasjonalt. Med eit godt utrusta laboratorium, eit nært samarbeid med avdeling for biokjemi, mikrobiologi og patologi i heile fylket og dagleg kontakt med avdeling for radiologi og sjukehusapoteket har Forskingsposten rask responstid. Staben handterer dei fleste typar studiar og veit kven ein skal kontakta av samarbeidspartnarar i klinikken. Slik optimaliserer Forskingsposten pasientløype i klinisk forsking.
Forskingsstøtte
Klinisk Forskingspost kan planlegge, gjennomføre og ei klinisk studie i lag med deg. Retningslinjene for gjennomføring av studier finn du her
Behandlingsareal
I behandlingsarealet er det 3 plasser (seng eller stol) med overvakingsutstyr, og eit eige skjerma rom for behandlingar som krev meir ro og overvaking/observasjon. Du kan ha samtale, undersøke og dokumentere.
Biobank1 teneste for heile HMR
I Ålesund er det eit godt utrusta laboratorium for prøvetaking, -handtering og -sending. På dei tre andre er det utplassert minus 80 grader fryser, dagleg drift i samarbeid med avdeling for medisinsk biokjemi. Då vi er ein del av Biobank1 kan vi fryselagre (-20°,-80° og -150° Celsius) og registrere det biologiske materialet i databasen Biobyte. Vi har nitrogen transportmedium for biologisk material tatt utan for KF.
Forskingsmøte
Du kan også planlegge forskingsmøte (8-10 personar) i vårt møterom.
Vil du også ha med deg andre frå annan lokalisasjon bruker de Skype4B (tidlegare Lync) eller den virtuelle møteromløysinga Acano som bind Skype4B og ei ekstern videokonferanseeining saman (Alesund.kf@vm.nhn.no).
Kontakt/tilsette
Felles telefon 70 10 61 92 og e-postadresse kliniskforskingspost@helse-mr.no
Tilsette:

Dag Arne Lihaug Hoff
Seksjonsoverlege, fyrsteamanuensis.
70 10 57 99
dag.hoff@helse-mr.no

Elisabeth Tennøy Bjerkan
Studiesjukepleiar/studiekoordinator
tlf: 70 10 61 52
elisabeth.bjerkan@helse-mr.no

Synnøve Herje-Hofseth
Studiesjukepleiar/studiekoordinator
tlf: 70 10 61 54
synnove.herje@helse-mr.no

Hanne Bentsen
Studiekoordinator
70 10 61 53
hanne.bentsen@helse-mr.no

Synnøve Yksnøy
Fagbioingeniør/studiekoordinator
70 10 61 55
synnove.yksnoy@helse-mr.no
Prisar
Oppstartsavgift bidrag-/internt initiert forsking Kr. 0
Oppstartsavgift oppdragsforsking Kr. 5-15000
Pristilbod vil elles vert utrekna etter førespurnad og legg til grunn timar utført arbeid av studiesjukepleiar/bioingeniør og/eller studielege.
Meirverdiavgift, dekningsbidrag (indirekte kostnad) og årleg indeksregulering vert lagt til. Dyre forbruksvarer vert fakturert etter kostpris.
Kvar finn du oss?
KF ligg i underetasjen -U- i høgblokka i Ålesund sjukehus, inngang frå nord (poliklinikk inngang) eller sør (hovudvestibyle). Følg den turkise stripa på vegg merka Klinisk forskingspost og du kjem fram til oss. Du kan parkere på plassar for pasientar/pårørande.
Opningstid
Vanlig opningstid er klokka 8-16. Aktivitet utover dette tidsrommet etter avtale.
Arrangement
Kurs i Good Clinical Practice (GCP) nivå I og II vert gjennomført to gongar årleg.
Aktive studiar i Forskingsposten
LYNG21 (Ably)
Achiles
Barmeds
BIOSTOP
COBRA
COLONIZE
CUT COVID-19
Nor-Solidarity Trial
Ocean OP-103
PRELAPSE-studien
Protalix og medikamentell behandling av Fabry
SPCG-17-Studien - Scandinavian Prostate Cancer Group
Bakgrunn
Forskingsposten er organisatorisk knytt til ein «klinikk», noko som er viktig for at den både fysisk og mentalt skal vere nær forskaren og synleg i klinikken. Sjølv om den er organisert under Klinikk Ålesund, er Forskingsposten ei operativ eining for forsking innanfor alle spesialitetar og alle sjukehus i HMR.