HELSENORGE
Utlysing av interne midlar HMR

Såkornmidlar

For å stimulere til auka forskingsaktivitet og vitskapleg publisering i Helse Møre og Romsdal HF vert det lyst ut interne forskingsmidlar.

Utlysing såkornmiddel for bruk i 2022

Seksjon for forsking og innovasjon lyser ut såkornmiddel i kategori 1-5, du kan søke om støtte på inntil 100 000,- (kategori 6 og 7 har løpande søknadsfrist).

  • Søknadsfrist fredag 10 juni (kl. 2359)

Svar på søknad vil komme i løpet av veke 33 (frå 15.aug) – dette grunna ferieavvikling. 
Du kan likevel søke med planlagt oppstart f.o.m. veke 33. 

Du kan søke på: 

  • Kategori 1 - skrive artikkelutkast
  • Kategori 2 - skrive protokoll til ph.d.- eller postdoktorsøknader
  • Kategori 3 - skrive søknader til forskings- eller innovasjonsprosjekt
  • Kategori 4 - dekke uforutsette utgifter i oppstart av, eller undervegs i ph.d.-, postdoktor-, forskings- eller innovasjonsprosjekt
  • Kategori 5 - dekke utgifter i samband med forskingskurs, forskingsseminar, oppstartsseminar forskingsprosjekt, nettverksmøter, mm (mellom anna som arrangør)*

*Du kan søke refusjon av utgifter til mat/kost, men vi refunderer kun basert på kvitteringar (maks opp til ca 800 pr. dag).  Du vil ikkje få diettsats uten å ha kvitteringar.

Vi har løpande søknadsfrist i kategoriane 6 og 7:

  • Kategori 6 - Utgifter i samband med publisering (open access, korrekturlesing m.m. - inntil 30 000,-)
  • Kategori 7 - Utgifter i samband med presentasjon av forsking på konferansar (inntil 20 000,-)
OBS: Viktig at søkar oppfyller krava til søknad som er lista opp, m.a. obligatoriske vedlegg.  Sjå krav til søknadar nedanfor.

Klikk her for å fylle ut og sende inn søknad om såkornmidlar 
(krev innlogging på HMR-nett)

Midlane må brukast i sin heilskap i løpet av 2022.

Spørsmål? Kontakt Seksjon for forsking og innovasjon på forsking@helse-mr.no

Viktig: krav til søknadar (kategori 1 til 5):

Artiklar som spring ut frå såkornmidlar skal krediterast føretaket etter gitte reglar (se mer info under kat. 6 og 7)
Rettleiar/mentor bør ha forskarkompetanse (ph.d.)

Husk å legge ved:

  • Prosjektsøknad med tidsline (framdriftsplan)
  • Budsjett
  • Permisjonsstøtte frå seksjons-/avdelingsleiar og klinikksjef (ein kopi av epost er tilstrekkeleg)

Viktig: Krav til søknadar (kategori 6 og 7): 

Husk å legge ved: 

  • Kortfatta søknad og kostnad
  • Utkast artikkel (gjelder for kategori 6)


Særskilt krav for søknadar om å dekke utgifter til open access 

Nasjonalt er det forhandla fram avtalar med ulike forlag som enten gir rabatt på publiseringsavgifta ved open access eller at avgifta fell heilt bort. Sjå meir info på openscience.no

Dersom du har ei tilknyting til ein utdanningsinstitusjon gjennom ​​t.d. phd-opptak eller kombinert stilling du sjekke om du får redusert avgift gjennom deira eksisterande avtalar før du søker såkornmiddel. Du kan nytte deg av avtalane sjølv om du skal kreditere både utdanningsinstitusjonen og helseføretaket i publikasjonen.



Arbeidet skal krediterast HMR etter gitte kriterie:

Utanlandske tidsskrift: Kristiansund / Molde / Volda / Aalesund Hospital, Møre and Romsdal Hospital Trust, Norway

​Norske tidsskrift: Kristiansund / Molde / Volda / Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF

Beskjed skal sendast til forsking@helse-mr.no når artikkel er godkjend for publisering

​Medlemmer og mandat Innstillingsrådet HMR

Ask, Daniel,  Brukerrepresentant,  Brukerutvalet HMR
Berge, Guro, Utdanningssjef /Postdoktor, Fagavdelinga /NTNU
Eriksen, Beate H., Seksj.overlege pediatri/ Førsteamanuensis II,  Klinikk Ålesund /NTNU
Fuglset, Tone S., Postdoktor/Forskningsrådgiver, Klinikk psykisk helse og rus/ Fagavdelinga
Hagen, Kristen, Psykologspesialist/Førsteamanuensis, Klinikk psykisk helse og rus/NTNU
Hoff, Dag Arne L., Overlege gastroenterologi/ førsteamanuensis/forskningssjef, Klinikk Ålesund, NTNU, Fagavdelinga
Hoff, Solveig Roth, Seksjonsoverlege radiologi/Førsteamanuensis, Klinikk for diagnostikk/NTNU
Kvangarsnes, Marit, Professor NTNU/ Forskingsrådgjevar, NTNU Ålesund / HMR
Lian, Øystein B., Overlege ortopedi/Førsteamanuensis, Klinikk SNR/ NTNU
Lund, Jo-Åsmund, Overlege onkologi/Førsteamanuensis, Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering/NTNU Ålesund
Morsund, Åse Hagen, Overlege nevrologi, Klinikk SNR
Sandvik, Jorunn, Overlege gastroenterologi/Gjesteforsker, Klinikk Ålesund /NTNU
Skorpen, Anna Carina, Overlege revmatologi/postdoktor, Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering/NTNU
Ytre-Hauge, Sigmund, Overlege radiologi,  Klinikk for diagnostikk ​​