HELSENORGE

Forskingsstøtte

I HMR kan personellet både i Seksjon for forsking og innovasjon og Klinisk forskingspost/Biobank 1 hjelpe deg i gang med forskinga. Regionalt kan du kontakte Klinforsk, og nasjonalt er Norcrin og NorTrials gode ressursar.


Lokal forskingsstøtte i HMR: 

Seksjon for forsking og innovasjon 

- gir råd og rettleiing mellom anna i samband med gjennomføring av prosjekt
- vurderar og godkjenn personvernet i forskings- og kvalitetsprosjekt gjennom DAC
- tildeler midlar gjennom utlysing av såkornmidlar og andre interne forskingsmiddel
- gir råd og rettleiing i statistikk, litteratursøk m.m.

Klinisk forskingspost og Biobank1

​​"Forskingsposten" opna i 2017 for å hjelpe fram klinisk forsking i sjukehusa. Forskingsposten har studiesjukepleiarar, bioingeniør, lege, kort veg til statistikar og studiemonitor Med eit godt utrusta laboratorium, eit nært samarbeid med avdeling for biokjemi, mikrobiologi og patologi i heile fylket og dagleg kontakt med avdeling for radiologi og sjukehusapoteket har Forskingsposten rask responstid.


Regional forskingsstøtte: 

Klinforsk ​

Klinisk forskningsenhet Midt-Norge (klinforsk) tilbyr forskingsstøtte til kliniske studiar for forskarar ved NTNU og helseføretaka i Midt-Norge.


Nasjonal forskingsstøtte: 

NorCRIN

NorCRIN er eit nasjonalt forskingsstøttenettverk kor formålet er å auke tal på og kvalitet på nasjonale og internasjonale kliniske studiar.


NorTrials

​NorTrials er eit partnarskap mellom de regionale helseføretaka og næringslivet. Hensikta er å bidra til auka samarbeid om industrifinansierte kliniske studiar.



Fann du det du leita etter?