HELSENORGE

Publisering og formidling

Korleis formidle resultata av forskinga di? Info om publisering, kreditering, Open Access og registrering i Cristin. Gode malar for abstrakt og vitskapleg poster.

​Publisering og kreditering

Opphavsrett til eige vitskapleg arbeid
Som utgangspunkt eig forfattar sjølv rettar til eige arbeid, jf.  §2 i den norske Åndsverkloven

Medforfattarskap  
Når forskingsresultat skal publiserast, må prosjektleiar sjå at til reglane for forfattar- og medforfattarskap blir følgt. Vancouver-reglane om medforfattarskap lister opp kriteria for å bli medforfattar på ein vitskapleg publikasjon.

Kreditering/ adressering
Alle artikkelforfattarane må oppgi klinikk og helseføretak som adresse. Dette er m.a. viktig for at føretaket skal få forskingspoeng (økonomisk kompensasjon) og oppfylle krav til forskingsaktivitet.

Dersom forskaren har tilknyting både til Universitet/høgskule og helseføretak er det vanleg å oppgi begge adresser i publikasjonen (gjeld t.d. phd-studentar, kombinerte stillingar o.l.).

Utanlandske tidsskrift:
Kristiansund / Molde / Volda / Aalesund Hospital,
Møre and Romsdal Hospital Trust, Norway

Norske tidsskrift:
Klinikk + Kristiansund / Molde / Volda / Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF

Utgifter til publisering – søke såkorn:

Open Access-publisering

Helse Møre og Romsdal ønsker at forskingsresultat blir publisert open access der det er mogleg.

Nasjonalt er det forhandla fram avtalar med ulike forlag som enten gir rabatt på publiseringsavgifta ved open access eller at avgifta fell heilt bort.
Sjå meir info på openscience.no.

Nokre kontaktpunkt for Universitets- og høgskole-sektoren:
(biblioteka har ansvar for å forvalte avtalane):

NTNU:

UiB:

UiO:

UiS:


I HMR kan du òg ta kontakt med fagbibliotekar dersom du har spørsmål rundt dette, sjå Fagbiblioteket sine nettsider.

Utgifter til open access – søke såkorn:

  • Som forskar i HMR kan du søke såkornmiddel for å dekke utgifter til open access-publisering, men NB: dersom du har ei tilknyting til ein utdanningsinstitusjon gjennom t.d. phd-opptak eller kombinert stilling ber vi deg først om å sjekke om du får redusert avgift gjennom eksisterande avtalar. ​

Registrering av publikasjonar i Cristin

​Alle forskingsartiklar skal registrerast i forskingsdatabasen Cristin, men mykje hentast inn automatisk.

Fagbibliotekar i HMR registrerer og kontrollerer publikasjonar til NVI-rapportering i Cristin-databasen, og registrerer og administrerer forskarprofilar i Cristin.

For spørsmål, sjå meir info og kontaktdetaljer på Fagbiblioteket sine nettsider.

​Formidling: mal for vitskapleg poster og abstrakt

Bilete av postermal_liggande.jpg

Har du noko interessant frå ditt fagfelt som du vil presentere for andre? Då er posterpresentasjon ei ypparleg moglegheit. Her finn du nyttige tips og råd om abstrakt og postere for tilsette i HMR

​​Tips ​for abstrakt

• Hugs at du skal overbevise / «selge» forskinga di og at du konkurrerer med mange om høve til å presentere.
• Eit strukturert abstrakt er typisk bygd opp etter "IMRaD modellen": introduksjon, metode, resultat og diskusjon.
• Husk at mange konferansar har ordgrense, sjekk konferansens abstraktmal. Lag ein tittel som er kort, konsis og fengande, og som skildrar resultata / funna dine.
• Sett strek under namnet på den/dei som skal presentere posteren på konferansen/seminaret. 
• Fagavdelinga i HMR, Seksjon for forsking og innovasjon har forskingsrådgjevarar som kan lese gjennom og kome med kommentarar. Sjå kontaktinfo her

I hovudsak skal ikkje tabellar, figurar og referansar vere med i abstraktet.

Klikk under for å laste ned mal (wordfil) som du kan redigere:


Tips for ein god poster 

Utforming av sjølve posteren
Ein poster er ein vitskapleg presentasjon, men er meir å samanlikne med ein reklameplakat enn med ein tidsskriftartikkel. Bruk figurar og bilete! 

Størrelse
Det er ingen standard mål på dette, så sjekk alltid måla arrangør oppgjev. Dersom ikkje anna er oppgitt bør posteren sin størrelse vere innanfor desse ytre måla: Høgde 120 cm og bredde 84 cm (format A0).

Tittelen
Ein god og dekkande tittel er viktig. Denne skal lokke til interesse for det du vil formidle og den må vere lik abstraktet du har sendt inn.

Forfattarane
Under tittel fører du opp namn, yrkestittel og fagleg tilknytting/organisasjon til forfattarane, samt kontaktinformasjon (e-post) til korresponderande forfattar nedst på sida. 

Bakgrunn
Innleiinga skal kort fortelje om bakgrunnen for arbeidet og kva du ville at studia di skulle vurdere, påvise eller avvise. 

Resultata
Du treng ikkje ta med alle detaljar frå studien. List opp dei viktigste resultata oversiktleg og kortfatta. Fortrinnsvis bør ein bruke diagram for å vise resultat: bilete og figurar kan langt på veg erstatte tekst, samtidig som det er eit blikkfang. 

Konklusjon
Konklusjonen skal presenterast lett synlig i stikkordsform. Konklusjonen kan vere "svar" på ditt spørsmål.

Mal for poster 
​Klikk under for å laste ned mal (powerpoint) som du kan redigere:


Bilete/ illustrasjonar
Du finn bilete under verktøy på intranett (kun for tilsette). 

Utskrift
Fagavdelinga har ein skrivar i Ålesund, adm.bygget som kan skrive ut i A0 og A1, ta kontakt på forsking@helse-mr.no så hjelper vi deg. 

​​

 
​​

Fann du det du leita etter?