Vil løfte dei beste miljøa

Anne Kjersti Fahlvik

Ho tek over heile helseporteføljen til Forskingsrådet frå og med september 2019. Anne Kjersti Fahlvik ønsker seg fleire forskingssenter for klinisk behandling og meir nasjonal konkurranse om midlane. Ho meiner dessutan at helseforskarar må samarbeide mykje meir med næringslivet.

Jesper Simonsen
Anne Kjersti Fahlvik  kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

– Helsenæringa har potensial til å bli ein stor, ny næringsveg i Noreg, seier Fahlvik.

Forskingsrådet fordeler berre rundt 10 prosent av dei offentlege midlane som går til helseforsking i Noreg. Forklaringa er at helseføretaka har eit stort ansvar for helseforskinga. Til samanlikning fordeler Forskingsrådet 25-30 prosent av midlane når ein ser alle sektorar under eitt.

På den andre sida kjem ein tredjedel av helsenæringa si totale investering i forsking og utvikling frå Forskingsrådet.

– Helsenæringa brukar like mykje på forsking som den maritime næringa, som er ei flaggskipnæring i Noreg. Med andre ord har forskarar mange mogelegheiter for samarbeid med denne kunnskapsnæringa, seier Fahlvik.

Forskingssenter
Når det gjeld dei offentlege helseforskingsmidlane, meiner Fahlvik det er altfor lite nasjonal konkurranse mellom forskingsmiljøa, samanlikna med for eksempel klimaforsking og energiforsking. Forskingsrådet ønsker å stimulere til konkurranse mellom ulike retningar innan klinisk behandling.

– Eitt av forslaga går ut på å etablere fleire forskingssenter for klinisk behandling, fortel Fahlvik

Så langt er eitt senter etablert, nemleg Neuro-Sysmed ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, som i fjor fekk ei løyving frå Forskingsrådet på 20 millionar kroner i året i inntil 8 år. Senteret forskar på hjernesjukdomar, som demens, Parkinson, ALS og MS.

Medan dei godt etablerte sentra for framifrå forsking har lang tidshorisont når det gjeld nytte, er tanken at forskingssentra for klinisk behandling skal gi resultat raskare, og bety meir for pasientane frå starten. Pasientane skal vere med og definere kva som er viktig for dei i studiane, og dermed også påverke korleis forskinga blir utforma.

Dragkraft
Ordninga med forskingssenter for klinisk behandling bygger på ei anbefaling i HelseOmsorg21-strategien. Ideen er å løfte opp spesielt gode miljø som kan tene som dragkraft for heile innsatsfelt nasjonalt.

Fahlvik fortel at ei tilsvarande satsing har vore vellukka innan forskingsfeltet miljøvenleg energi, med etablering av totalt 11 forskingssenter i løpet av ein tiårsperiode.

− Desse sentra har vore skikkelege motorar i utviklinga av forsking på fornybar energi, og ikkje minst gravitasjonsmiljø for EU-midlar og samarbeid med næringslivet, seier ho.

Ideen om å etablere ei tilsvarande ordning innan klinisk forsking har fått stor oppslutning både frå sjukehus og andre forskingsinstitusjonar. Foreløpig er det ikkje sett av finansiering til fleire senter, ut over at Helse- og omsorgsdepartementet løyvde pengar til det eine senteret i Bergen.

− Vi ønsker oss skikkelig konkurranse mellom ulike retningar innan klinisk behandling, og trur det vil vere bra for all forsking på klinisk behandling, som i hovudsak blir finansiert av sjukehusa, seier Fahlvik.

Det er uvisst korleis den vidare finansieringa av ordninga skal fungere. Enten må departementet stille med friske midlar, eller så må Forskingsrådet samarbeide med sjukehusa om ein modell der det i større grad er sjukehusa sjølve som står for finansieringa.

– Må få til betre samspel
Når det gjeld samarbeidet mellom helseforskarar og næringsliv, viser Falvik til at våre nærmaste naboland har helsenæring som ein av sine sterkaste næringar.

– Analysar har vist store mogelegheiter for næringsutvilkling i Noreg på dette feltet. Vi har veldig god kvalitet i helseforskinga, ei veldig god helseteneste som veit kvar skoen trykker, og bedrifter som ser stort potensial både i nasjonale og internasjonale marknader mellom annan innan medisinsk teknologi, ehelse og onkologi, seier ho.

− Vi må få til eit betre samspel mellom forskinga i sjukehusa og samarbeidet med næringslivet, der næringslivet kan kome nærmare inn i sjukehusa som forskings- og innovasjonspartnar, seier Fahlvik.

Ho understrekar at helsenæringa er heilt avhengig av forsking, og at samarbeid med gode forskarar og klinikarar er viktig for å lukkast. Helsetenestene har kunnskap og infrastruktur som bedriftene vil trenge tilgang til om helsenæringa skal bli eit vinn-vinn-vinn for pasientar, helsesektor og samfunn. 

Helsedata
Veksten i helseforskinga  er ein av årsakene til at Forskingsrådet no samlar all sin helseaktivitet under éin leiar. Tidlegare har det vore ei tredeling på dette området, mellom grunnleggande helseforsking, forsking for politikkutforming og kunnskapsbygging til helsetenestene, og næringsretta forsking.

− Vi har omtrent like stor innsats på desse områda, og vel altså no å sjå både eigenarten og samspelet mellom dei meir under eitt.

Fahlvik har ein doktorgrad i farmakologi, og har jobba både for store næringslivsaktørar og i gründerselskap med utspring frå Oslo Universitetssjukehus. Dei siste åra har ho jobba mest med mogeleggjerande teknologiar og næringsutvikling for berekraft og omstilling, men ho har også vore med på  HelseOmsorg21-gruppa.

– Eg gler meg veldig til å jobbe meir i helsefeltet igjen. No er det ein heilt ny setting for samhandling og tenking innan denne sektoren – men også utanafor, og mange mogelegheiter  å ta tak i, seier ho.

Ho trekk fram helsedata som eit felt med store mogelegheiter for verdiskaping for både pasient, samfunn og næring.

– Noreg har unike datasett, spesielt innan tre sektorar, nemleg hav, helse og mobilitet/transport. Helsedata er viktig for god kvalitet i helsetenestene, men gir også mogelegheiter for verdiskaping i næringslivet, seier Fahlvik. 

Difor er Forskingsrådet ein av samarbeidspartnarane i Helsedataprogrammet, som mellom anna skal sørge for utbygging av Helsedataplattformen, ei nasjonal, teknisk og organisatorisk plattform som skal gjere det enklare å forske på helsedata og samtidig styrke etikk og personvern.

Europeisk samarbeid
Fahlvik etterlyser også ei auka prioritering av deltaking i europeisk forskingssamarbeid. Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Programmet har eit budsjett på rundt 700 milliardar kroner frå 2014-2020, og Norge skal totalt betale inn rundt 18 milliardar.

− Generelt er den norske helseforskinga i liten grad prega av europeisk samarbeid, og vi får lite returinntekter frå EU sitt forskingsprogram på dette feltet, seier ho.

Fahlvik understrekar at dette har blitt betre i det siste, men at det er viktig å fortsette å jobbe for å auke samarbeidet med europeiske partnarar.

− Det er store pengar i Horizon 2020, men det blir også bygd veldig gode forskingsnettverk på denne måten. Meir er i vente i det Nye Horisont Europa frå og med 2021 – og her vert vektlegginga av nytte/impact enda sterkare enn i Horisont 2020, seier ho.

Til sist oppmodar Fahlvik forskingsmiljøa i spesialisthelsetenesta om å forske meir på primærhelsetenesta.

Anne Kjersti Fahlvik skal halde føredrag på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober.

Meld deg på konferansen 
Gå til hovudsida for konferansen

 

Fann du det du leita etter?