Björn Gustafsson

Forsking for ei berekraftig helseteneste

Som ein av de øvste sjefane for den medisinske forskinga i Helse Midt-Norge er Björn Gustafsson oppeteken av korleis forskingsmidlane i regionen brukast best. Kva slags prioritering kan bidra til at helsesektoren får til omstillinga mot ei berekraftig framtid?

Björn Gustafsson kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

 − Eg er oppteken av kva vi treng av forsking for å lykkast med omstillinga. Kanskje må vi snu retninga på forskingsmidlane meir mot dei store utfordringane for helsetenestene framover, seier Gustafsson. Ei aldrande befolkning og ein forventa nedgang i oljeinntektene kombinert med ei rivande teknologisk utvikling og dertil endra forventingar til helsetenesta, er viktige årsaker til at heile sektoren må omstille seg.

For forskinga sin del trur Gustafsson det kan bli nødvendig å legge meir vekt på tema som digitalisering, helseplattforma og elektronisk postjournal, medisinsk teknologi, helsetenesteforsking, samhandling og logistikk.

− Vi skal sjølvsagt ikkje gløyme translasjonsforsking og meir grunnleggande forsking, som gjennom historia har danna grunnlaget for dei store gjennombrota. Vi må klare å gjere begge deler, seier han.

Gustafsson er dekan ved Fakultet for medisin og helsevitenskap ved NTNU, den største aktøren i regionen innan helseforsking. Han har vore medlem i Det regionale samarbeidsorganet sidan 2012. I fjor blei han oppnemnd til styremedlem i Helse Midt-Norge.

Gustafsson er dessutan nestleiar i HelseOmsorg21-rådet, oppnemnd av Helse- og omsorgsdepartementet. HelseOmsorg21 er ein nasjonal forskings- og innovasjonsstrategi.

I tillegg er Gustafsson professor i gastroenterologi ved Institutt for klinisk og molekylær medisin ved NTNU. Sidan 2004 har han også vore overlege i fordøyingssjukdomar ved St. Olavs hospital.

Björn Gustafsson skal halde føredrag på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober.

Meld deg på konferansen

Gå til hovudsida for konferansen

Meir frå programmet

  • Camilla Stoltenberg

    Direktøren for Folkehelseinstituttet er også lege og forskar med doktorgrad i epidemiologi. Før direktørjobben hadde ho mellom anna ansvar for utviklinga av helseregister, biobankar og helseundersøkingar.

  • Gerd Kvale og Bjarne Hansen

    Angst og tvangslidingar kan ta månader eller år å behandle. Gerd Kvale og Bjarne Hansen vist at det lar seg gjere på berre fire dagar. Bergen 4 Day Treatment (B4DT) brer seg verda rundt, og behandlingsteam er under opplæring over heile Noreg.

  • Giske Ursin

    Det meste av forskinga er ikkje banebrytande, men dannar eit viktig grunnlag for uventa og nokre gonger revolusjonerande funn, ifølge direktøren for Kreftregisteret. Ho trur vi må bli betre til å løfte blikket frå forskinga vi alltid har gjort.

  • Jan Brinchmann

    Nye behandlingsstrategiar med stamceller vil krevje at behandlarane har veldig høg kompetanse, ifølge stamcelleforskar Jan Brinchmann. Han oppmodar til nære forskingssamarbeid mellom praktiske utøvarar i helseføretaka og spesialiserte forskingsmiljø

  • Jesper Simonsen

    Forskingsrådet sin områdedirektør for samfunn og helse ønsker seg fleire forskingssenter for klinisk behandling, meir nasjonal konkurranse om helseforskingsmidlar og auka europeisk forskingssamarbeid.

  • Björn Gustafsson

    Som ein av de øvste sjefane for den medisinske forskinga i Helse Midt-Norge er Gustafsson oppeteken av korleis forskingsmidlane i regionen brukast best. Kva slags prioritering kan bidra til at helsesektoren får til omstillinga mot ei berekraftig framtid?

  • Dag Arne Lihaug Hoff og Tormod Thomsen

    Bør vi organisere forskinga vår annleis for å bli betre til å tenke større, tenke på tvers og samarbeide?

  • Lise Tarnow

    Å velge ut og vektlegge visse forskingstema kan skape større forskingsfelleskap i helseføretak, og stimulere til samarbeid og nytenking. Lise Tarnow har god erfaring med denne typen satsing i Danmark.

  • Einar Vedul-Kjelsås

    Korleis kan forskarar og brukarar finne gode samarbeidsformer? Einar Vedul-Kjelsås har i fleire år kursa brukarar av helseteneter i medisinsk og helsefagleg forsking.

  • Wenche P. Dehli

    Helse- og sosialdirektøren i Kristiansand har lang erfaring med forsknigs- og utviklingsarbeid og innføring av digitale løysingar. Ho er oppteken av å styrke og betre samarbeidet mellom kommunane og helseføretaka.

  • Steinar Thoresen

    Den medisinske direktøren i AbbVie Norge er glad for det politiske målet om at fleire pasientar skal få ta del i utprøvande behandling gjennom kliniske studiar.

  • Eivind Lauritsen

    Debattredaktøren i forskning.no ser verdien i å hjelpe både ferske og erfarne forskarar med å hugse korleis ein skriv vanleg norsk.

  • Stein Kaasa

    Professor Stein Kaasa forventar komplett digital samhandling i den nye helseplattforma. – Det er mange som må samsnakkast. Vi går ei spanande tid i møte, seier han.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.