Camilla Stoltenberg

Direktøren for Folkehelseinstituttet er også lege og forskar med doktorgrad i epidemiologi. Før direktørjobben hadde ho mellom anna ansvar for utviklinga av helseregister, biobankar og helseundersøkingar.

Camilla Stoltenberg kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

Camilla Stoltenberg blei direktør i Folkehelseinstituttet i 2012 og er i tillegg professor II ved Universitetet i Bergen. Ho er lege og forskar med doktorgrad i epidemiologi og har vore leiar i Folkehelseinstituttet sidan 2001, mellom anna med ansvar for utvikling av nasjonale helseregister, biobankar, Den norske mor og barnundersøkinga (MoBa) og andre helseundersøkingar.

I 2001 var Stoltenberg ein av initiativtakarane til å etablere psykisk helse i Folkehelseinstituttet.

Sidan 2000 har ho arbeidd med forsking om utviklingsforstyrringar og psykiske lidingar, spesielt hos barn. Hun har fleire verv, mellom anna som leiar av HelseOmsorg21-rådet, medlem av Nasjonalt e-helsestyre, medlem av rådgjevingsgrupper for det internasjonale sjukdomsbyrdeprosjektet og EAT, og styret i den internasjonale organisasjonen av folkehelseinstitutt.

Stoltenberg har leia eit ekspertutval om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar som leverte ei NOU i februar 2019. Ho er fast skribent i Morgenbladet.

Camilla Stoltenberg skal holde føredrag på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober.

Meld deg på konferansen

 

Gå til hovudsida for konferansen

Meir frå programmet

Fann du det du leita etter?