Samarbeider om å undesøke helseeffektar av marine råstoff

Dag Arne Lihaug Hoff og Tormod Thomsen

Bør vi organisere forskinga vår annleis for å bli betre til å tenke større, tenke på tvers og samarbeide?

Dag Arne Lihaug Hoff og Tormod Thomsen

Dag Arne Lihaug Hoff og Tormod Thomsen kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

I den nasjonale klynga NCE Blue Legasea samarbeider Helse Møre og Romsdal med næringslivsaktørar om å undersøke helseeffektane av marine produkt i ulike pasientgrupper.

For bedriftene i NCE Blue Legasea skal Helse Møre og Romsdal bidra til gjennomføringa av kliniske studiar.

– Marine ingrediensar kan vere potente, men her er det framleis ein lang veg å gå før ein kjem fram til bestemte stoff som kan påverke overordna prosessar i kroppen, seier Dag Arne Lihaug Hoff, seksjonsoverlege ved Klinisk forskingspost.

Nasjonal ekspertise
I november 2018 fekk Blue Legasea status som Norwegian Centre of Expertise (NCE). Denne statusen blir tildelt klynger med bedrifter som hevdar seg innan sine felt i den globale marknaden, og totalt har Noreg 14 slike. NCE-programmet er eit samarbeid mellom Innovasjon Norge, Siva og Forskingsrådet.

I dag består NCE Blue Legasea av 44 partnarar frå heile den marine verdikjeda – inkludert fiskeriselskap, landbasert prosessindustri, teknologi- og utstyrsleverandørar samt forskingsaktørar, akademia og kliniske miljø. Mange av partnarane er lokalisert i fylket.

Etableringa av nettverksnavet Marine for Health (M4H) er ei viktig satsing i klynga. Her er målet å bygge felles kompetanse og legge til rette for kommersialisering av produkt mot helse- og ernæringsmarknaden.

Strenge krav
– Framleis er det svært mykje vi ikkje veit om helseeffektar av marine produkt. Det er interessant å studere dette for å finne mogelege bruksområde som kan gi god folkehelse, seier seksjonsoverlege Hoff.

M4H er forankra i industrien sine behov og skal gi tilgang til kompetansen som trengs for utvikling og posisjonering av nye produkt frå marint råstoff.

– Det er stadig strengare krav til vitskapeleg dokumentasjon av effektar for helse- og ernæringsprodukt. For bedriftene i regionen er det veldig viktig å ha tilgang til kompetanse for å gjennomføre kliniske studiar, seier Tormod Thomsen, styreleiar i NCE Blue Legasea.

Fleire studiar i gong
Klinisk forskingspost deltek i ulike prosjekt på området. For eksempel har Forskingsrådet gitt støtte til eit prosjekt der ein ser på marint protein-hydrolysat frå atlanterhavstorsk. Hydrolysering er ein prosess der fiskeproteina blir brotne ned til kortare bestanddelar kalla peptid.

Utgangspunktet er at peptid kan vere enklare for kroppen å ta opp frå spesialiserte celler i tarmen, og kan ha meir direkte verkandar enn heilprotein. Klinisk forskingspost har, ilag med Haukeland Universitetssjukehus og Senter for ernæring ved Universitetet i Bergen, gjennomført grunnleggande kliniske studiar – mellom anna for å studere effektar på mettheit og blodsukkerrespons hos personar med metabolsk syndrom.

– Det tette og unike samarbeidet mellom næringsliv, helseføretak og andre forskingsaktørar er svært verdifullt, seier Thomsen.

Dag Arne Lihaug Hoff og Tormod Thomsen kjem til forskingskonferansen for å snakke om samarbeid mellom helseføretak og næringsliv.

Meld deg på konferansen

Gå til hovudsida for konferansen

Meir frå programmet

Fann du det du leita etter?