Gerd Kvale og Bjarne Hansen

Fire dagar for å overvinne angst og tvangslidingar

Angst og tvangslidingar kan ta månader eller år å behandle. Gerd Kvale og Bjarne Hansen har vist at det lar seg gjere på berre fire dagar. Bergen 4 Day Treatment (B4DT) brer seg verda rundt, og behandlingsteam er under opplæring over heile Noreg.

Gerd Kvale og Bjarne Hansen
Gerd Kvale og Bjarne Hansen kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

Det banebrytande behandlingsformatet blei først teke i bruk i Bergen i 2012. I 2015 fekk Kvale og Hansen prisen for årets nyvinning frå Psykologiforbundet. Sidan har etterspurnaden vore stor frå pasientar, pårørande og behandlarar – både nasjonalt og internasjonalt. I 2018 kom Kvale og Hansen på Time Magazine si liste over dei 50 menneska som gjer mest for å betre helsetenestene i verda.

90 prosent av pasientane opplever ei klar betring ei veke etter B4DT. Fire år etter er nesten 70 prosent kvitt lidingane, ifølge ein artikkel i tidsskriftet Cognitive Behaviour Therapy i 2018. No er behandlingsformatet i ferd med å endre spesialisthelsetenesta innan mental helse. Dette kviler på tiår med forsking som viser at eksponeringsbehandlingar kan være nyttige i ei rekke ulike format.

Tid med pasienten
– 4-dagarsbehandlinga kan best skildrast som individuell behandling i eit gruppeformat, fordi den blir gitt til mellom tre og seks pasientar samtidig, av like mange terapeutar. Dette gjer det mogeleg å gi pasientane skreddarsydd, terapeutassistert behandling i dei situasjonane der den enkelte treng det mest. Samtidig har pasientane nytte av å vere i lag med andre som går gjennom same endringsprosess, seier Kvale.

Det handlar altså verken om å gjere behandlinga spesielt intens eller lang – men om å ha tilstrekkelig nok tid saman med pasienten, til å hjelpe i dei situasjonane der det røyner på som mest.

Vi vektlegg bevisstgjering kring dei små augeblinkane der pasientane kjenner behov for å redusere angst og ubehag, og oppmuntrar til å gjere noko som ikkje er i samsvar med lidinga, seier Kvale.

Ikkje noko nytt?
Ofte kommenterer folk at «dette er jo ikkje noko nytt». På mange måtar er det heilt sant, meiner Kvale. Neste kommentar er gjerne: «Kvifor har ikkje andre gjort dette for lenge sidan – det er så sjølvsagt».

– Noko av årsaka til at dette ikkje har vorte gjort før, er kanskje å finne i at finansieringsmodellen for poliklinisk verksemd innan spesialisthelsetenesta, både i Noreg og internasjonalt, har vore bygd opp rundt sesjonar på 45 eller 90 minutt, seier Kvale.

Det medfører at et format som B4DT ikkje lar seg ta i bruk, utan at føretaka går i tap.

– Dette fekk vi ordna i 2017. Ikkje minst fordi kvalitetssikringa av behandlinga kunne vise til så gode resultat. No er det mogeleg for alle føretak å tilby 4-dagarsformatet, gitt at dei har fått opplæring, seier Kvale.

Hardt arbeid
Så langt har meir enn 1 200 menneske med angst og tvangslidingar vore gjennom den konsentrerte behandlinga, og det er nesten ikkje noko fråfall.

Pasientane seier det er hardt arbeid, og enkelte fortel om den mest utfordrande veka dei har hatt i livet. Samtidig legg dei til at «det er verdt det». Endringa dei opplever gjennom desse fire dagane er på en måte magiske, og forandrar livet til folk, seier Kvale.

I tillegg til i Noreg, er metoden no teken i bruk i Sverige og på Island. USA skal i gong i løpet av våren.

Forsking
I det nasjonale prosjektet ‘Changing the specialist mental health care: the concentrated treatment format’ skal effekten av B4DT, levert som ein helt ordinær del av helsetenestene, samanliknast med resultat frå andre vanlege behandlingar, og for ei rekke ulike lidingar. Her samarbeider Kvale og Hansen mellom anna med St. Olavs hospital og Helse Møre og Romsdal. Tildelinga frå Nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta (KLINBEFORSK) var på 20 millionar kroner i 2017.

No skal Kvale også leie det nye Bergen Center for Brain Plasticity, der 4-dagarsbehandlinga skal brukast som modell for å forstå mekanismar bak hjerneplastisitet og endring. Dette er eit spleiselag på 111 millionar kroner mellom Bergens forskningsstiftelse, Kavlifondet, Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen (UiB).

– Dei gode kliniske resultata ein oppnår med B4DT, gir ei utmerka mogelegheit for å studere mekanismar for endring. Dette gjer vi gjennom ulike metodar, og vi jobbar med dei internasjonalt fremste fagmiljøa innan epigenetikk, hjerneavbilding og genetikk, fortel Kvale.

Samarbeider
Kvale har meir enn 30 års erfaring med å behandle angstlidingar, og starta opp OCD-teamet ved Haukeland universitetssjukehus i 2011. Ho er også professor ved Institutt for klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen (UiB) og var dekan ved Det psykologiske fakultet frå 2005 til 2010.

Hansen har snart 20 års erfaring som psykolog. No leier han Klinikk for 4-dagers behandling ved Haukeland universitetssjukehus, som er ei utviding av OCD-teamet. Han er også førsteamanuensis i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen.

Før samarbeidet med Kvale etablerte og leia Hansen ei spesialisert OCD-eining ved St. Olavs Hospital.  Basert på dette arbeidet tok Hansen i 2009 initiativet til etableringa av OCD-team landet rundt, for å sikre lik tilgang til kunnskapsbasert og kvalitetssikra behandling. Som det einaste land i verda, etablerte Noreg totalt 30 spesialiserte OCD-team. Til saman gir dei eit landsdekkande tilbod. Satsinga har fått namnet Nasjonal implementering av behandling for tvangsliding, og Hansen har vore prosjektleiar.

Kvale og Hansen skal saman halde opningsforedraget på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019.

Meir om Kvale og Hansen i tidsskriftet Psykologi

Meld deg på konferansen

Gå til hovudsida for konferansen

 

Meir frå programmet

  • Camilla Stoltenberg

    Direktøren for Folkehelseinstituttet er også lege og forskar med doktorgrad i epidemiologi. Før direktørjobben hadde ho mellom anna ansvar for utviklinga av helseregister, biobankar og helseundersøkingar.

  • Gerd Kvale og Bjarne Hansen

    Angst og tvangslidingar kan ta månader eller år å behandle. Gerd Kvale og Bjarne Hansen vist at det lar seg gjere på berre fire dagar. Bergen 4 Day Treatment (B4DT) brer seg verda rundt, og behandlingsteam er under opplæring over heile Noreg.

  • Giske Ursin

    Det meste av forskinga er ikkje banebrytande, men dannar eit viktig grunnlag for uventa og nokre gonger revolusjonerande funn, ifølge direktøren for Kreftregisteret. Ho trur vi må bli betre til å løfte blikket frå forskinga vi alltid har gjort.

  • Jan Brinchmann

    Nye behandlingsstrategiar med stamceller vil krevje at behandlarane har veldig høg kompetanse, ifølge stamcelleforskar Jan Brinchmann. Han oppmodar til nære forskingssamarbeid mellom praktiske utøvarar i helseføretaka og spesialiserte forskingsmiljø

  • Jesper Simonsen

    Forskingsrådet sin områdedirektør for samfunn og helse ønsker seg fleire forskingssenter for klinisk behandling, meir nasjonal konkurranse om helseforskingsmidlar og auka europeisk forskingssamarbeid.

  • Björn Gustafsson

    Som ein av de øvste sjefane for den medisinske forskinga i Helse Midt-Norge er Gustafsson oppeteken av korleis forskingsmidlane i regionen brukast best. Kva slags prioritering kan bidra til at helsesektoren får til omstillinga mot ei berekraftig framtid?

  • Dag Arne Lihaug Hoff og Tormod Thomsen

    Bør vi organisere forskinga vår annleis for å bli betre til å tenke større, tenke på tvers og samarbeide?

  • Lise Tarnow

    Å velge ut og vektlegge visse forskingstema kan skape større forskingsfelleskap i helseføretak, og stimulere til samarbeid og nytenking. Lise Tarnow har god erfaring med denne typen satsing i Danmark.

  • Einar Vedul-Kjelsås

    Korleis kan forskarar og brukarar finne gode samarbeidsformer? Einar Vedul-Kjelsås har i fleire år kursa brukarar av helseteneter i medisinsk og helsefagleg forsking.

  • Wenche P. Dehli

    Helse- og sosialdirektøren i Kristiansand har lang erfaring med forsknigs- og utviklingsarbeid og innføring av digitale løysingar. Ho er oppteken av å styrke og betre samarbeidet mellom kommunane og helseføretaka.

  • Steinar Thoresen

    Den medisinske direktøren i AbbVie Norge er glad for det politiske målet om at fleire pasientar skal få ta del i utprøvande behandling gjennom kliniske studiar.

  • Eivind Lauritsen

    Debattredaktøren i forskning.no ser verdien i å hjelpe både ferske og erfarne forskarar med å hugse korleis ein skriv vanleg norsk.

  • Stein Kaasa

    Professor Stein Kaasa forventar komplett digital samhandling i den nye helseplattforma. – Det er mange som må samsnakkast. Vi går ei spanande tid i møte, seier han.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.