Giske Ursin

– Vi bør målrette forskingsinnsatsen

Det meste av forskinga er ikkje banebrytande, men dannar eit viktig grunnlag for uventa og nokre gonger revolusjonerande funn, ifølge direktøren for Kreftregisteret. Ho trur vi må bli betre til å løfte blikket frå forskinga vi alltid har gjort og etterlyser fleire spissa utlysingar om forskingsmidlar.

Giske Ursin
Giske Ursin kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

– Eg trur vi må tenke i eit større perspektiv, og prøve å stimulere forsking på nokre av dei viktige spørsmåla vi enno ikkje har svar på, seier Giske Ursin, direktør for Kreftregiseret.

Utfordrande
Ho viser mellom anna til forskingsprogrammet Provocative Questions, eller utfordrande spørsmål, frå amerikanske National Cancer Institute (NCI), som høyrer til under National Institutes of Health (NIH).

Kvart år sidan 2011 har NCI sponsa idéverkstader med eit breitt spekter av ekspertar frå forskingssamfunnet for å identifisere, artikulere og prioritere spesielt interessante men understuderte problem i kreftforskinga. Lista over spørsmål blir publisert i samband med utlysing av forskingsmidlar.

– Formålet har vore å stimulere til forsking på bestemte spørsmål som er viktige for fagfeltet. Det er vanskeleg å styre forskinga direkte, men øyremerking av midlar er ein måte å påverke forskinga på, seier Ursin.

Ho trekk fram kreft i bukspyttkjertelen som eit eksempel. Seks månader er den gjennomsnittlege overlevinga for dei som får diagnosen. Det er behov for meir forsking på gode behandlingsmetodar.

– Då kan ein for eksempel lyse ut øyremerka forskingsmidlar på korleis ein kan førebygge denne kreftforma, seier Ursin.

– Treng begge delar
Kreftregister-direktøren er den første til å understreke at det også kan vere problematisk å prioritere forskingsspørsmål. Kven skal for eksempel definere og prioritere spørsmåla? Uansett meiner ho det er viktig å ha både spissa og breie utlysingar.

I Noreg har for eksempel Kreftforeningen veldig spissa utlysingar på kreftfeltet, medan Forskingsrådet sine er breiare.

– Vi treng begge delar. Det meste av forskinga som føregår representerer små skritt vidare. Det er umogeleg å vite på førehand kvar dei store gjennombrota vil kome. Plutseleg kan det dukke opp eit uventa funn som opnar eit heilt nytt forskingsfelt, seier Ursin.

– Sjå etter norske ekspertar
Direktøren for Kreftregisteret har ei oppmoding til også, nemlig å trekke inn ekspertar frå andre delar av landet i større grad.

– Vi kikar veldig raskt over landegrensene etter ekspertise, men ein av verdas fremste ekspertar sit kanskje berre i ein annan by. Skal vi bidra til å løfte dei norske miljøa, må vi sjå oss om her heime, få med dei norske ekspertane, og bygge bruer innanlands seier Ursin.

Ho trur det kan styrke dei norske forskingsmiljøa å kike etter kompletterande ekspertise heime, før ein går etter internasjonale partnerar.

– For eksempel kan ein gjerne involvere registerkompetanse, seier Ursin.

Unikt helseregister
Kreftregisteret er ein forskingsinstitusjon, og det fulle namnet er Kreftretgisteret - Institutt for populasjonsbasert kreftforskning. Det er organisert under Oslo universitetssykehus (OUS), med rundt 190 tilsette, inkludert litt over 20 forskarar. Totalt står Kreftregisteret for 8-9 prosent av all forsking som blir publisert ved OUS.

Kreftregisteret har eitt av dei eldste helseregistra i sitt slag i verda, over krefttilfelle i Noreg tilbake til starten av 1950-talet. Registeret er kjent for å vere tilnærma komplett og ha høg kvalitet på dataene. Institusjonen administrerer og kvalitetssikrar også dei to screeningprogramma på kreft, nemleg Mammografiprogrammet og Livmorhalsprogrammet, og forvaltarein av ein av verdas største serumbankar, Janusbanken.

Har forska mykje
I tillegg til jobben som direktør for Kreftregisteret, som ho har hatt sidan 2011, er Ursin professor II ved Institutt for medisinske basalfag ved Universitetet i Oslo, og professor emerita ved Department of Preventive Medicine ved University of Southern California. Ho har doktorgrad i epidemiologi frå University of California Los Angeles.

Ursin har mangeårig erfaring og ein omfattande vitskapeleg produksjon som forskar innan kreftepidemiologi, og er utdanna lege frå Universitetet i Bergen. I 2018 kåra Kapital henne til ei av dei 10 mest mektige kvinnene i helse-Noreg.

Giske Ursin skal holde føredrag på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober.

Meld deg på konferansen

Gå til hovudsida for konferansen

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.