Jan Brinchmann

– Forskingssamarbeid bygger behandlarkompetanse

Nye behandlingsstrategiar med stamceller vil krevje at behandlarane har veldig høg kompetanse, ifølge stamcelleforskar Jan Brinchmann. Han oppmodar til nære forskingssamarbeid mellom praktiske utøvarar i helseføretaka og spesialiserte forskingsmiljø

Jan Brinchmann kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

​– Det er behov for å bygge opp spesialkompetansen som trengs for å ta imot dei nye behandlingane, for eksempel når ein finn måtar å kurere diabetes og Parkinsons sjukdom på, seier Brinchmann.
Han er forskar ved Nasjonalt senter for stamcelleforskning ved Oslo universitetssykehus-Rikshospitalet og ved Seksjon for biokjemi ved Universitetet i Oslo.

Like rundt hjørnet
Kliniske forsøk med stamcellebehandling mot diabetes er i gong i utlandet, og Brinchmann trur også at stamcellebehandling mot Parkinsons sjukdom er like rundt hjørnet.

– I denne saman hengen vil det seie om nokre år, for det tek tid å gjennomføre kliniske studiar, seier Brinchmann, som leier forskingsgruppa Jan E. Brinchmann group.

Mykje av det som føregår ute i verda innan stamcelleforsking, vil kunne føre til nye behandlingsstrategiar. Å ta imot forskingsresultata og ta dei i bruk i Norge, vil krevje god kunnskap om arbeid med stamceller, trur Brinchmann.
Nasjonalt senter for stamcelleforsking går mot slutten av sin noverande finansieringsperiode, men Brinchmann og kollegaer ønsker å vidareføre arbeidet, kanskje i eit litt anna format, for å bygge opp den nødvendige spesialkompetansen.

Dei nye stamcellebehandlingane kan bli såpass kompliserte at det vil bli feil for mindre helseføretak å satse på å gjennomføre dei sjølve i første omgang, trur han.

Samarbeid bygger kompetanse
– Mindre helseføretak må nok sende pasientane til spesialiserte miljø i starten, men samtidig er det viktig at dei bygger opp eigen kompetanse. Forskingssamarbeid mellom behandlarar i helseføretaka og forskingsmiljø med spisskompetanse kan gi stort utbyte for begge partar, seier Brinchmann.
Han viser til eit samarbeid om forsking på artrose (slitasjegikt) mellom stamcelleforskarane i Oslo og Ortopedisk forskingsavdeling ved Sykehuset i Kristiansund.

– Dersom vi klarer å vise at vår behandlingsstrategi kan reversere artrose, kan det bli enklare for Helse Møre og Romsdal å ta i bruk denne forskinga, sidan kunnskapen allereie er bygd opp ved avdelinga i Kristiansund, seier Brinchmann.
I dag går denne forskinga ut på å undersøke om ein liten genbit kalt mikro-RNA kan hindre artrose. Innsprøyting av mikro-RNA i ledd blir no testa i dyremodellar. Metoden bygger på funn frå stamcelleforsking. For å avdekke korleis innsprøytinga verkar, brukar forskarane også stamceller.

Frå HIV til stamceller
Brinchmann tok landets første doktorgrad på HIV i 1991, og heldt fram med å forske på HIV fram til bygginga av Rikshospitalet på Gaustad. Då fekk han i oppgåve å etablere og leie eit reintromslaboratorium for dyrking av celler som kunne brukast til pasientar. Dette har han haldt fram med heilt til no.
Arbeidet førte til at han flytta eigen forskingsinnsats over til stamcellefeltet. I snart 20 år har han jobba med stamceller –først og fremst stamceller i brusk, i hjerte-karsjukdomar og til bruk i oppbygging av beinvev.
Jan Brinchmann kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge og skal snakke om korleis forsking på stamceller kan nyttast til å løyse helseutfordringar innan mange ulike medisinske fagområde.

Meld deg på konferansen

Gå til hovudsida for konferansen


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.