Jesper Simonsen

Vil løfte dei beste miljøa

Forskingsrådet sin områdedirektør for samfunn og helse ønsker seg fleire forskingssenter for klinisk behandling, meir nasjonal konkurranse om helseforskingsmidlar, auka europeisk forskingssamarbeid, meir forsking på primærhelsetenesta og meir samarbeid med næringslivet.

Jesper Simonsen
Jesper Simonsen kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

Forskingsrådet fordeler rundt 10 prosent av dei offentlege midlane som går til helseforsking i Noreg. Forklaringa er at helseføretaka har eit stort ansvar for helseforskinga. Alle sektorar sett under eitt, fordeler Forskingsrådet 25-30 prosent av midlane.

− Forskingsrådet meiner det er alt for lite nasjonale konkurransar om helseforskingsmidlar, samanlikna med for eksempel klimaforsking og energiforsking, seier Simonsen.

Forskingssenter
For å stimulere til konkurranse mellom ulike retningar innan klinisk behandling, ønsker rådet å bygge opp verkemidlar som er attraktive for sjukehussektoren. Eitt av forslaga går ut på å etablere fleire forskingssenter for klinisk behandling.

Så langt er eitt senter etablert, nemleg Neuro-Sysmed ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, som i fjor fekk ei løyving frå Forskingsrådet på 20 millionar kroner i året i inntil 8 år. Det vil seie opptil 160 millionar kroner totalt. Senteret forskar på hjernesjukdomar, som demens, Parkinson, ALS og MS.

Medan dei godt etablerte sentra for framifrå forsking har lang tidshorisont når det gjeld nytte, er tanken at forskingssentra for klinisk behandling skal gi resultat raskare, og bety meir for pasientane frå starten. Pasientane skal vere med og definere kva som er viktig for dei i studiane, og dermed også påverke korleis forskinga blir utforma.

Dragkraft
Ordninga med forskingssenter for klinisk behandling bygger på ei anbefaling i HelseOmsorg21-strategien. Ideen er å løfte opp spesielt gode miljø som kan tene som dragkraft for heile innsatsfelt nasjonalt.

Simonsen fortel at ei tilsvarande satsing har vore vellukka innan forskingsfeltet miljøvenleg energi, med etablering av totalt 11 forskingssenter i løpet av ein tiårsperiode.

− Desse sentra har vore skikkelege motorar i utviklinga av forsking på fornybar energi, seier han.

Ideen om å etablere ei tilsvarande ordning innan klinisk forsking har fått stor oppslutning både frå sjukehus og andre forskingsinstitusjonar. Foreløpig er det ikkje sett av finansiering til fleire senter, ut over at Helse- og omsorgsdepartementet løyvde pengar til det eine senteret i Bergen.

− Vi ønsker oss skikkelig konkurranse mellom ulike retningar innan klinisk behandling, og trur det vil vere bra for all forsking på klinisk behandling, som i hovudsak blir finansiert av sjukehusa, seier Simonsen.

Det er uvisst korleis den vidare finansieringa av ordninga skal fungere. Enten må departementet stille med friske midlar, eller så må Forskingsrådet samarbeide med sjukehusa om ein modell der det i større grad er sjukehusa sjølve som står for finansieringa.

Europeisk samarbeid
I tillegg til ønsket om slike senter, etterlyser områdedirektør Simonsen ei auka prioritering av deltaking i europeisk forskingssamarbeid. Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Programmet har eit budsjett på rundt 700 milliardar kroner frå 2014-2020, og Norge skal totalt betale inn rundt 18 milliardar.

− Generelt er den norske helseforskinga i liten grad prega av europeisk samarbeid, og vi får lite returinntekter frå EU sitt forskingsprogram på dette feltet, seier han.

Simonsen understrekar at dette har blitt betre i det siste, men at det er viktig å fortsette å jobbe for å auke samarbeidet med europeiske partnarar.

− Det er store pengar i Horizon 2020, men det blir også bygd veldig gode forskingsnettverk på denne måten, seier han.

Primærhelsetenesta og næringslivet
Simonsen oppmodar dessutan forskingsmiljøa i spesialisthelsetenesta om å forske meir på primærhelsetenesta og samarbeide meir med næringslivet.

− Vi må få til eit betre samspel mellom forskinga i sjukehusa og samarbeidet med næringslivet, der næringslivet kan kome nærmare inn i sjukehusa som forskingspartnar, seier Simonsen.

Jesper Simonsen skal halde føredrag på på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober.

Meld deg på konferansen 
Gå til hovudsida for konferansen

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.