Lise Tarnow

– Temasatsing kan bygge fellesskap

Å velge ut og vektlegge visse forskingstema kan skape større forskingsfelleskap i helseføretak, og stimulere til samarbeid og nytenking. Lise Tarnow har god erfaring med denne typen satsing i Danmark.

Lise Tarnow

Lise Tarnow kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

– I system og føretak som ikkje har veldig mykje forskingsmidlar, trur eg det er fornuftig å velje ut nokre satsingsområde og organisere forskinga i klynger, seier Tarnow.

Ho har bakgrunn som lege, men store deler av karrieren har ho arbeidd med å bygge infrastruktur for forsking.

Kjende dårleg til kvarandre
– Eg var forskingssjef ved Nordsjælland hospital frå 2014 til 2018. Då eg starta der, møtte eg ei haldning om at det ikkje føregjekk noko særleg forsking på sjukehuset. Det stemte ikkje. Mange hadde mindre forskingsprosjekt kvar for seg, men dei kjende dårleg til kvarandre, fortel Tarnow.

Ho bestemte seg for å bygge opp ein infrastruktur som kunne styrke fellesskapen og hjelpe folk til arbeide saman. Innfallsvinkelen blei å utarbeide ei prioritert forskingsportefølje for sjukehuset.

– Mi målsetting var at sjukehuset skulle bli berømt for fire forskingsområde, seier Tarnow.

Å velje tema var ein lang prosess som blei gjennomført i fellesskap. Ein spurde seg føre internt blant klinikkane og forskarane, men også eksternt: kva tenkte andre om forskinga ved sjukehuset? Til slutt blei det fire tema med tilhøyrande forskingsklynger:

  • Diabetes og vaskulær sjukdom
  • Kvinne, barn, ung
  • Inflammasjon og infeksjon
  • Perioperativ behandling

Deretter blei alle forskarar ved sjukehuset bedt om å besøke klyngene og finne ut om dei kunne identifisere seg med ei av dei. Forskarar blei også rekrutterte utanfrå.

Motstand
– I starten var det mykje motstand mot dette, og enkelte følte seg truga. Nokre var redde for ei sentralisering av forskingsemna, og for avgrensingar i forskingsfridomen. Dei kjende heller ikkje dei andre forskarane, og tenkte ikkje på samspelet som kan oppstå når ein treff menneske som kan noko ein ikkje kan sjølv, seier Tarnow.

Ho syns ikkje det er så rart at folk blir utrygge når ein skal gjere prioriteringar, fordi det medfører å seie ja til noko og nei til noko anna.

Tarnow trur mange førestilte seg at satsingane ville bli for snevre, men institusjonen landa på tema som var så breie at dei fleste forskarar kunne identifisere seg med eitt av dei.

Samspel
Etter kvart viste deg seg at sjukehuset fekk betre utnytting av forskingsressursane.

– Det tok tre år, men då oppsto det eit fantastisk forsterkande samspel og nokre heilt nye konstellasjonar av forskarar som skapte nye prosjekt saman. Dei hjelpte kvarandre, og kunne supplere kvarandre med metodar, utstyr og personell. No har desse nye samarbeida begynt å bere frukter, fortel Tarnow.

Særleg i feltet mellom legar og anna helsepersonell, for eksempel sjukepleiarar eller fysioterapeutar, oppstod det nye idear som ein ikkje ville fått utan nærare kjennskap til kvarandre. Dei ulike fagpersonane kunne også hjelpe kvarandre i prosessen med å bli utdanna til forskarar.

Tarnow trur det er naudsynt å bygge nokre fellesskap for å støtte ei slik utvikling, fordi det ikkje er noko som kjem av seg sjølv.

Arena
– Det som gjorde at vi lukkast, var at vi skapte eit forskingsfelleskap eller vitenfelleskap – arenaer for å møtast og snakke med andre som tenker litt annleis enn ein sjølv. Spesielt for dei unge forskarane har det vore viktig å kome seg ut av kontoret, seier Tarnow.

I dag er ho direktør for det nye Steno Diabetes Center Sjælland utanfor København. Føretaket omfattar alle diabeteseiningane i regionen. Organisasjonen er ny og byggast opp no, med både klinisk behandling, forsking og utdanning.

– Det er fem slike Steno-senter i Danmark, og dei er del av ei nasjonal satsing for å betre diabetesbehandlinga, fortel Tarnow.

Etter legeutdanninga jobba ho i 20 år med diabetespasientar på det som tidlegare var Steno Diabetes Center ved Gentofte Hospital. Ho var også forskar, og bygde opp ein infrastruktur rundt ei klinisk forskingseining.

Lise Tarnow skal halde føredrag på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Den finn stad 2. og 3. oktober.

Meld deg på konferansen

Gå til hovudsida for konferansen

Meir frå programmet

  • Camilla Stoltenberg

    Direktøren for Folkehelseinstituttet er også lege og forskar med doktorgrad i epidemiologi. Før direktørjobben hadde ho mellom anna ansvar for utviklinga av helseregister, biobankar og helseundersøkingar.

  • Gerd Kvale og Bjarne Hansen

    Angst og tvangslidingar kan ta månader eller år å behandle. Gerd Kvale og Bjarne Hansen vist at det lar seg gjere på berre fire dagar. Bergen 4 Day Treatment (B4DT) brer seg verda rundt, og behandlingsteam er under opplæring over heile Noreg.

  • Giske Ursin

    Det meste av forskinga er ikkje banebrytande, men dannar eit viktig grunnlag for uventa og nokre gonger revolusjonerande funn, ifølge direktøren for Kreftregisteret. Ho trur vi må bli betre til å løfte blikket frå forskinga vi alltid har gjort.

  • Jan Brinchmann

    Nye behandlingsstrategiar med stamceller vil krevje at behandlarane har veldig høg kompetanse, ifølge stamcelleforskar Jan Brinchmann. Han oppmodar til nære forskingssamarbeid mellom praktiske utøvarar i helseføretaka og spesialiserte forskingsmiljø

  • Jesper Simonsen

    Forskingsrådet sin områdedirektør for samfunn og helse ønsker seg fleire forskingssenter for klinisk behandling, meir nasjonal konkurranse om helseforskingsmidlar og auka europeisk forskingssamarbeid.

  • Björn Gustafsson

    Som ein av de øvste sjefane for den medisinske forskinga i Helse Midt-Norge er Gustafsson oppeteken av korleis forskingsmidlane i regionen brukast best. Kva slags prioritering kan bidra til at helsesektoren får til omstillinga mot ei berekraftig framtid?

  • Dag Arne Lihaug Hoff og Tormod Thomsen

    Bør vi organisere forskinga vår annleis for å bli betre til å tenke større, tenke på tvers og samarbeide?

  • Lise Tarnow

    Å velge ut og vektlegge visse forskingstema kan skape større forskingsfelleskap i helseføretak, og stimulere til samarbeid og nytenking. Lise Tarnow har god erfaring med denne typen satsing i Danmark.

  • Einar Vedul-Kjelsås

    Korleis kan forskarar og brukarar finne gode samarbeidsformer? Einar Vedul-Kjelsås har i fleire år kursa brukarar av helseteneter i medisinsk og helsefagleg forsking.

  • Wenche P. Dehli

    Helse- og sosialdirektøren i Kristiansand har lang erfaring med forsknigs- og utviklingsarbeid og innføring av digitale løysingar. Ho er oppteken av å styrke og betre samarbeidet mellom kommunane og helseføretaka.

  • Steinar Thoresen

    Den medisinske direktøren i AbbVie Norge er glad for det politiske målet om at fleire pasientar skal få ta del i utprøvande behandling gjennom kliniske studiar.

  • Eivind Lauritsen

    Debattredaktøren i forskning.no ser verdien i å hjelpe både ferske og erfarne forskarar med å hugse korleis ein skriv vanleg norsk.

  • Stein Kaasa

    Professor Stein Kaasa forventar komplett digital samhandling i den nye helseplattforma. – Det er mange som må samsnakkast. Vi går ei spanande tid i møte, seier han.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.