DAPP

Depresjon og angst i perinatalperioden - forsking på gravide

​Du treng UndersøkelsesID, BrukerID og Passord for å delta. Dette finn du i papira du har fått tildelt. Undersøkinga tar ca. 15 minutt

Svar på undersøkinga

Illustrasjon DAPP.jpg 

Depresjon og angst opptrer hjå 10-20 % av kvinner i samband med svangerskap og etter fødselen. Vi ynskjer med denne studien å undersøkje samanhengar mellom kjensler, psykiske symptom, søvn og fødselen. Kunnskapen om dette er mangelfull, og studien vil bidra til auka kunnskap.

Alle opplysningar om deg vert behandla strengt konfidensielt og lagra trygt i samsvar med retningslinjer for forskingsdata ved Ålesund sjukehus. Alle opplysningar vert avidentifiserte før dei vert analyserte, og det vil ikkje vere mogleg å identifisere enkeltpersonar når data skal publiserast.

Studien er eit samarbeid mellom Kvinneklinikken og Klinikk for psykisk helsevern ved Ålesund sjukehus. Dersom du har spørsmål til studien, er du velkomen til å ta kontakt med lege Rannveig Storaune Osnes på epost: Rannveig.Storaune.Osnes@helse-mr.no  eller på telefon: 408 57 108.