Helseforsking - frå idé til prosjektprotokoll

Første steg mot doktorgrad

Helse Møre og Romsdal (HMR) har som mål å få flest mulig av sine tilsette til å satse på ph.d-grad (doktorgrad). Dette gjeld alle som jobber enten i klinikk eller i administrative stillinger og som har kvalifikasjonane som trengst for å kunne gå inn i eit doktorgradsløp. HMR har saman med HNT og NTNU/Det medisinske fakultet – utvikla eit nytt studium for dei som ønskjer å starte arbeidet med å utvikle eit ph.d-prosjekt. 

​Vidareutdanninga er ei strategisk satsing mellom Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag - i regi av NTNU. Målsettinga er at fleire tilsette skal kunne kvalifisere seg til opptak og finansiering av  forskarutdanningsløp (ph.d.). Vidareutdanninga er og open for tilsette i andre helseforetak og i kommunale helsetenester

Det nye studietilbodet som no blir lyst ut i regi av NTNU/DMF skal starte opp til hausten. Det er sett av totalt åtte øyremerka studieplassar som skal fordelast mellom HMR og Helse Nord-Trøndelag. For dei som er tilsette i HMR dekkjer FoU-seksjonen alle utgifter ved kurset.
 

Søk på studiet her

Målgruppe:

Tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta

Kursbeskrivelse

- Krav til ein PhD søknad

- Kva er forsking?

  • Ulike vitskapsteoretiske tilnærmingar i forsking

- Kva er litteratursøk og kvifor er det viktig?

  • Bruk av ulike databasar til litteratursøk
  • End Note

- Korleis planlegge eit forskingsprosjekt?

  • Samanhengen mellom vitskapsteori, design og metode
  • Datakjelder
  • Kvalitative, kvantitative, mixed methods
  • Reliabilitet, validitet, truverd
  • Overførbarheit/generalisering
  • Etisk og juridisk ansvar

- Korleis utvikle ein god forskingsprotokoll?

  • Abstract
  • Introduksjon/bakgrunn (forskingsproblemet/tidlegare forsking/manglar i forskinga/betydinga av studien/hensikta med studien/litteraturgjennomgang/  forskingsspørsmål/hypotesar)
  • Design
  • Metode
  • Etiske vurderingar
  • Framdriftsplan/ budsjett
  • Publiseringsplan
  • Referansar


 

Læringsmål

 
Kunnskap: Etter fullført kurs har du
  • kunnskap om ulike vitskapsteoretiske tilnærmingar
  • forståing for kva kunnskap som kan genererast ved ulike design/metodar
  • kunnskap om ulike former for datasamling og datagenerering kunnskap om forskingsetikk og juridiske rammer.
Ferdigheiter: Etter fullført kurs skal du kunne
  • velje relevante metodar for ulike problemstillingar i forskingsarbeid 
  • gjennomføre eit systematisk litteratursøk med hjelp frå bibliotekar
  • formulere klare og relevante forskingsspørsmål
  • vurdere kvalitet i forsking
  • planlegge prosjekt innafor planlagd tid og økonomiske rammer
Generell kompetanse: Etter fullført kurs skal du kunne
  • planlegge og utforme ein forskingsprotokoll
  • vurdere forsking i eit pasient, helse- og samfunnsperspektiv

Eksamensbeskrivelse:

Innlevert forskingsprotokoll + munnleg høyring. Vurderast til greidd/ikkje greidd.
Eksamenskrav:
Vere til stades på førelesningar og gruppearbeid (80% oppmøte).
Heimeoppgåve med presentasjon i plenum.

Tid og sted for kurs/samlinger:

  1. samling  (2 dagers fysisk samling): 3. - 4. oktober 2016 i Ålesund
  2. samling (1 dag, organisert aktivitet via Lync): 3. november 2016.
  3. samling  (1 dag, organisert aktivitet via Lync): 11. januar 2017.
  4. samling (1 dag, organisert aktivitet via Lync): 1. mars 2017
  5. samling (1 dag, organisert aktivitet via Lync): 5. april 2017
  6. samling (1 dag eksamen, fysisk samling): 12. mai 2017. Stad ikkje fastsett.

Det er obligatorisk deltaking på samlingane.

Kursavgift:

5500 Kr
Kursavgift info: I tillegg kjem semesteravgift. Du må sjølv dekke reise og opphald.

Rabatter:

Ingen rabattar.

Søknadsfrist:

15.08.2016

Fagansvarlig/Forelesere:

Torstein Hole
Fyrsteamanuensis, Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk (ISB)
Telefon: 70 10 56 51
Mobil: 93 42 10 02
E-post: torstein.hole@ntnu.no

Kontakt:

Gunvor V. Singsaas
NTNU VIDERE
Telefon: 73 59 00 66
Mobil:
E-post: videre@ntnu.no

Samarbeidspartnere:

Helse Møre og Romsdal, Helse Nord-Trøndelag

Kursform/Undervisning:

Samlings- og nettbasert

Krav til forkunnskaper (opptakskrav):

Fullført mastergrad, 6-årig profesjonsstudium eller tilsvarande.

Meir informasjon:

Fakultet: Det medisinske fakultet

Pensumlitteratur/kursmateriell

Tilrådd litteratur:
Forskningshåndboken: http://www.oslo-universitetssykehus.no/omoss_/avdelinger_/kvinneklinikken_/forskning_/forskningshandboken_/Sider/side.aspx

Crewell J. W, (2014) Research Design. Qualitative, Quantitative & Mixed Methods Approaches. Los Angeles, Sage.

Hulley S. (2013) Designing Clinical Research. Philadelphia, Walter Kluwer/Lippincott Williams & Wilkins.

Malterud K. (2013) Kvalitative metoder I helsefag. Universitetsforlaget.

Dataverktøy el. programvare som benyttes: EndNote, SPSS, læringsplattformen itslearning

 

Det er 15 plassar på vidareutdanninga. Inntil 8 av desse plassane er reserverte for tilsette i Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag. Om det er fleire kvalifiserte søkjarar enn plassar, vil søkjarar som har publisert forsking i vitskaplege tidsskrift verte prioriterte. Søkjarar som har slik erfaring må skrive dette i merknadsfeltet når dei søkjer på kurset. Utover dette vil søkjarar verte prioriterte etter søknadsdato.

Søk på kurset her

 

Kontakt i Helse Møre og Romsdal

Annvor Ullaland
Prosjektmedarbeidar, Fagavdelinga
FoU-seksjonen
Helse Møre og Romsdal HF 
+47 90 54 12 23
 Annvor.Ullaland@helse-mr.no

Therese Stern
Prosjektmedarbeidar, Fagavdelinga
FoU-seksjonen
Helse Møre og Romsdal HF 
+47 98 88 22 56
therese.stern@helse-mr.no