Kristen Hagen disputerer 3. mai

Hagen er psykolog og arbeider til dagleg ved DPS Molde Poliklinikk. 3. mai disputerer han med avhandlinga: Komorbid tvangsliding (OCD) og psykoseliding; forløp, prognose og psykologisk behandling ved Klinisk Medisin ved NTNU. Disputasen finn stad på Høgskulen i Molde klokka 10:00. Dette er ei open prøveførelsning først og så forsvaring av doktorgraden, der alle interesserte er hjarteleg velkomne til å høyre. 

 

Nye funn
Gjennom sitt prosjekt har Hagen vist at ein vesentleg del (ca 10% ) av pasientar med førstegongspsykose hadde ei tvangsliding, og at desse pasientane ved  års oppfølging kom dårlegare ut samanlikna med pasientane utan OCD. Trass i at det finns godt dokumenterte behandlingar for tvangslidingar (OCD).  Anbefalt behandling for denne lidinga er eksponering med responsprevensjon (ERP), som vil seie at pasienten utset seg for det han fryktar mest, utan å gjere noko for å redusere angsten eller ubehaget. Det er liten grunn til å anta at desse pasientene hadde fått denne behandlinga. Noko av årsaka til dette er at det blir antatt at  om at ein ikkje skulle behandle denne pasientgruppa med eksponeringsterapi, då ein frykta at dette skulle gjere pasientene verre. Forskinga til Hagen visar snarare at eksponeringsbehandlinga kan vere effektiv for menneske med OCD og samtidig psykoseliding. Forskinga til Hagen har dermed skapt ei vesentleg behandlingsoptimisme rundt denne pasientgruppen.

Her er nokre av funna:

  • Det er langt fleire med førstegangspsykose som har tvangsliding enn i den generelle befolkninga. Dei blir sjuke tidlegare og dei er meir deprimerte.
  • Pasientar med førstegangspsykose og tvangslidingar har eit meir negativt forløp både med tanke på auka symptom og redusert funksjonsnivå
  • Subkliniske psykosesymptom har ikkje negativ innverknad på behandlinga til pasientar med tvangsliding. 
  • Behandling av tvangsliing fører til reduserte psykosesymptom.
  • Pasientar med samtidig psykoseliding og tvangsliding kan ha god effekt av behandling av si tvangsliding

 

Fakta:

  • Kva er tvangsliding: Tvangsliding er ein form for angst med tvangstankar eller tvangshandlingar, som for eksempel tankar om at ein er skitten og må vaske seg på hendene fleire hundre gonger om dagen.
  • Tvangsliding (OCD) har av WHO blitt kategorisert som ei av dei 10 mest invalidiserande lidingane. Den rammar ikkje berre pasienten, men òg dei som står pasienten nær. Meir enn 2/3 av pasientane har fått lidinga før dei fyller 25, og utan god behandling er det fare for at lidinga blir kronisk. Førekomsten av OCD er antatt å ramme 2-3 % av befolkninga i løpet av livet. Det engelske navnet er obsessive-compulsive disorder, noko som har gitt opphavet til forkortinga OCD.

 

Prosjektet er finansiert gjennom Extrastiftelsen

Lenker:

www.Tvangslidelse.no

www.Ananke.no

Den nasjonale OCD-studien (Helse Bergen)