No er protokollskulen i gong

– Det er eit lite forskingsmiljø ved sjukehuset i Namsos, her på studiet får eg jobbe med å utvikle idèen min til ein ferdig prosjektprotokoll og samtidig treffe andre kollegaer som er i same situasjon, seier deltakar og overlege i nevrologi Kristina Devik

På biletet frå venstre: Dina von Heimburg, Innherred Samkommune, Tit Cheang Tan, Lege i Spesialisering, Molde, Guttorm Eldøen, Seksj.overlege Nevrolog, Molde, Kristina Devik, Overlege Nevrologi, Namsos

Devik og ca 15 andre elevar starta denne veka på kurset «Helseforsking - frå idé til prosjektprotokoll». Denne vidareutdanninga er ei satsing mellom Helse Nord-Trøndelag og Helse Møre og Romsdal. Nytt av året er at NTNU også er med som arrangør og kurset er studiepoenggjevande, fortel to av initiativtakarane Berit Kvalsvik Teige (HMR) og Bodil Landstad (HNT). Målsettinga er at fleire tilsette skal kunne kvalifisere seg til opptak og finansiering av forskarutdanning (ph.d). 

– Dette er eit fint tilbod for å rydde i eige hovud og sortere dei  mest aktuelle problemstillingane. Eg gleder meg til å lande på korleis eg skal angripe oppgåva mi og få rettleiing til dette, seier Dina van Heimburg, folkehelsekoordinator i Innherred Samkommune. 

Dette bildet mangler alt-text

 
Bodil Landstad, forskingssjef HNT og Berit Kvalsvik Teige, forskingssjef HMR

– Studentane er svært ivrige og har mange spanande idèar. Det er kjekt  å sjå at det er så mange initiativ i føretaka våre, seier forskingssjef i HNT Bodil Landstad.

Fullteikna kurs

Kurset for i år er fullteikna, men det blir ein ny sjans for interesserte å søke neste år.

– Første samling har i hovudsak dreidd seg om krav til ein ph.d søknad, ulike vitskapsteoretiske tilnærmingar i forsking, og litteratursøk. Kvar deltakar får tilrettelegging i form av eit skreddersydd mentoropplegg. Støttespelarar med ulik kompetanse er nødvendig for å utforme ein god forskingsprotokoll. Resultat frå fjorårets kull viser at ca halvparten kom ut med ferdig søknad, medan resten jobbar vidare med protokollen.

– Vidare i kurset skal vi gå djupare inn i planlegginga av eit forskingsprosjekt og korleis ein kan utvikle ein god forskingsprotokoll. Læringsmåla er at studentane etter fullført  kurs har kunnskap om ulike vitskapsteoretiske tilnærmingar og er i stand til vurdere kvalitet i forsking samt kan formulere klare og relevante forskingsspørsmål, forklarar Berit Kvalsvik Teige, forskingssjef i HMR.

Styrkar samarbeidet

– Kurset er og med på å styrke samarbeidet mellom dei to helseføretaka og mellom tilsette i både kommune- og spesialisthelsetenesta. -Godt samarbeid på tvers er viktig for å utvikle og styrke forskinga og fagutviklinga, seier dei to forskingssjefane i HMR og HNT. Kurset går både ved lokasjonar i Helse Møre og Romsdal og i Helse Nord Trøndelag. Noko av studiet er basert på nettløysing.

 

Dette bildet mangler alt-text

Tre av førelesarane; Professor Bodil Landstad, Torstein Hole (fagleg ansvarleg for kurset og klinikksjef (HMR) , professor Marit Kvangarsnes