Protokolleksamen er over

12. mai var fem personar frå ulike klinikkar oppe til eksamen i HMR.  Dei har fått testa kunnskapen sin innan arbeidet med å utvikle forskingsprotokoll.

 

Kva er ein forskingsprotokoll og kvifor er den nødvendig?
I forskingsprotokollen planlegg ein prosjektet sitt og dokumentet skal innehalde ei detaljert framstilling om korleis prosjektet skal gjennomførast. Utan ein god forskingsprotokoll kan det for eksempel  ende med at prosjektet samlar inn feil data med tanke på at målsettinga kan vere utydeleg.

Protokollkurset har til no vore eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag,  har resultert i at mange ph.d-kandidatar frå dei to føretaka har kome godt i gong med si forskarutdanning. Kurset som i si tid vart start av Helse Møre og Romsdal- med Bodil Røyset og professor Per Farup som «motorar» - har vorte bygd om og vidareutvikla siste to åra.  Frå hausten 2016 vil kurset gå i regi av NTNU/Det medisinske fakultet, men fortsatt med «lokale forelesarar og med klinikksjef og forskar Torstein Hole ved roret.

Sensorar og eksamensleiing kom frå Helse Møre og Romsdal FoU-seksjonen, og forskingssjef Berit Kvalsvik Teige er godt nøgd med resultat og engasjement:   

-Kurset har stort sett hatt lokale forelesarar gjennom eigne tilsette – og som må ha doktorgrad eller høgare for å være med i forelesarteamet. Dei som har delteke på kurset får tett oppfølging av minst to mentorar frå forelesargruppa gjennom heile kurset. Her set ein gjerne saman team av forskarar frå HNT/HMR som har kompetanse innan området som kandidaten skal forske på. Det er utruleg givande å være forelesar/,mentor til dei ulike kandidatane. Det er ikkje berre kandidaten som lærer gjennom prosessen: Det same gjer vi som prøver å hjelpe dei fram til ein kvalitativ god ph.d-søknad.

Svært lærerikt
Blant dei som har vore i elden er seksjonsoverlege i pediatri Bjørn Magne Jåtun. Overlegen, som jobbar ved barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund, stadfester at prosessen har vore svært lærerik. Kurset gjer deltakarane bevisst på kva som skal til i prosessen.  Det er krevende å lage ein god protokoll, svært dyktige og engasjerte førelesarer har gjort meg betre rusta til å fortsette arbeidet, fortel han. Ein forskingsidè skal gjerne modnast over tid, kastast fram og tilbake og gjerne diskuterast med kollegar eller kontaktpersonar. - Mitt prosjekt handler om å utvikle nettbasert behandlingstilbud til familiar som har born med fedme. I løpet av kurset er eg blitt meir bevisst på kva eg eigentleg ønsker å gjere, fortel Jåtun. I tillegg har eg fått treffe hyggelege folk som er i liknande situasjon slik at eg har fleire å spele på. Eg vil oppfordre andre til å melde seg på kurs.  

- Frå hausten 2016 er kurset ein del av NTNU sitt kursprogram og tel med 7,5 studiepoeng, seier fagleg leiar for kurset Torstein Hole. Kursinnhaldet er uendra, og samarbeidet med HNT held fram. Det er sett av eigen kvote for ansatte frå  HMR og HNT. Gå til utlysinga NTNU.

 Forskingsprotokoll_2016.jpgÅrets «kull» ser du på biletet saman med bla sensorar

På biletet:
Rad 1, frå venstre; Berit K. Teige (sensor), Torstein Hole (sensor og fagansvarlig), Rune Midgard (sensor), Marit Kvangarsnes (sensor).

Rad 2, frå høgre; Bjørn Magne Jåtun (deltakar), Solveig Roth Hoff (sensor), Anett Tarberg (deltakar), Tone Andersen (deltakar), Audun Dahlberg (deltakar),  Janne Marit Ertresvåg (deltakar), Annvor Ullaland (adm.kontakt), Dag Arne Lihaug Hoff (sensor).