Tildeling av forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet er klart

-Det er gledeleg at forskingsmiljøet i Helse Møre og Romsdal får fram så mange gode kandidatar til doktorgradsstipend.  Dette er ei investering i enda betre helsetenester i framtida, seier forskingssjef Berit Kvalsvik Teige i HMR . 
 

-Prosjekta har ei god og solid klinisk problemstilling. Vi skal finne fram til den beste behandlinga for pasientane våre og det ligg mykje innovasjonspotensiale i dette prosjektet. Det er første gong at to tilsette frå samme avdeling får tildeling frå SO samtidig. Langvarig og hardt arbeid i tillegg til støtte fra FIUK-seksjonen har medverka til dette, seier leiar for ortopedisk avdeling, konst. avdelingssjef Erland Hermansen.

tre kandidater v2.jpg
Hege Elvebakken, overlege i onkologi ved Kreftavdelinga, er tildelt ph.d-midler. fra SO Jan Arild Klungsøyr og Terje Vagstad har og fått tildeling, begge overlegar ved ortopedisk avdeling v Ålesund sjukehus.

Det var 18 søknadar frå Helse Møre og Romsdal, av desse er 14 ph.d-søknadar, 2 er postdoktorsøknadar og 2 er søknadar om prosjektmidlar. Søkarane er fordelt på fire klinikkar: Klinikk for kirurgi (5), Klinikk for kvinner, barn og ungdom (2), Klinikk for medisin og rehabilitering (7) og Klinikk for psykisk helse og rus (4)

Desse fekk tildelt midlar i HMR

  • 3,2 millionar til Jan Arild Klungsøyr ved Klinikk for kirurgi HMR. Prosjekttittel: Anterior shoulder instability treated with the subscapular sling procedure. A cadaveric robot testing and a clinical pilot study of a new surgical option. (50% 6 år)
  • 3,2 millionar til Terje Vagstad ved Klinikk for kirurgi HMR. Prosjekttittel: Anterior shoulder instability treated with a new surgical procedure, the subscapular sling operation. Biomechanical cadaveric studies. (50% 6 år)
  • 3,2 millionar til Hege Elvebakken ved Klinikk for medisin og rehabilitering. Prosjekttittel: Molecular alterations and their impact on treatment and prognosis in patients with gastroenteropancreatic neuroendocrine carcinomas (100 % 3 år)

Søknadar som ikkje har fått tildeling frå Samarbeidsorganet vil no bli behandla av Forskingsutvalet i HMR 30. november 2017. Dei vil bli gitt beskjed om resultatet via e-post i byrjinga av desember 2017.


Les meir:
Tildeling av regionale forskningsmidler fra Samarbeidsorganet i Helse Midt-Norge for 2018