Utlysing av forskingsmidlar 2017 for Helse Møre og Romsdal

HMR skal tildele eigne stipend for forsking gjeldande for 2017. Alle som er tilsett minimum 50 prosent i føretaket er velkomne til å søke. 

​Stipenda frå Helse Møre og Romsdal (HMR) vil bli sett i samanheng  med den felles utlysinga frå Samarbeidsorganet mellom Helse-Midt Norge og NTNU (heretter SO). For å konkurrere om stipend frå HMR må ein søke til SO først. Utlysinga av forskingsstipend frå HMR (ph.d., postdoktor og fleirårig prosjekt) vil bli sett i samanheng med den felles utlysinga frå SO. Søknadar som ikkje når opp i SO blir automatisk sende til HMR for vidare vurdering/tildeling av stipenda tildelt av HMR. Det er sett ned ei eiga nemnd for HMR som skal innstille kandidatar.  Forskingsutvalet/direktør tek endeleg avgjerd om kven som får stipend.

Forskingsstipend frå HMR
Med atterhald om økonomiske rammer omfattar utlysinga frå HMR følgjande stipend:
•  Inntil 5 ph.d-stipend -  sjå under for nærare informasjon
• 1 postdoktorstipend  - sjå under for nærare informasjon
• 1 fleirårig prosjekt med inntil 1.5 mill./år i 3-5 år 
Spesiell satsing:
• 1 stipend for utforming/fullføring av større forskingsprosjekt/EU-prosjekt (inntil ein mill. kr). MERK! Dette stipendet har eiga utlysning i SO – følg denne lenka når du søker. Velg utlysing "Helse Møre og Romsdal HF - intern utlysing".

Søknadsfristen for alle stipend er 13. juni 2016 kl. 1500.

Stipenda frå HMR gjeld kun for tilsette i føretaket. Meir informasjon om dei ulike stipenda finn du under.  

Nærare informasjon om dei ulike stipenda frå HMR

Fleire detaljar om forskingsstipen frå HMR:
Forskingsmidlar som kjem frå HMR skal brukast som økonomisk støtte til forsking/utvikling av forsking. Strategien for forsking (og innovasjon) som er gjeldande for HMR kan du lese meir om i strategidokumenta til Helse  Midt-Norge RHF om forsking og innovasjon.

Strategi for forsking i Helse Midt-Norge
Strategi for innovasjon i Helse Midt-Norge

Ph.d-stipend (doktorgradsstipend):
Det vært lyst ut inntil 5 ph.d-stipend betalt av HMR. Stipendiatstillingar er utdanningsstillingar som gjev forskarutdanning på doktorgradsnivå (ph.d). Søkarar må dokumentere relevant bakgrunn som tilfredsstiller krav til opptak for ph.d programmet ved NTNU eller andre universitet-/utdanningsinstitusjonar. Eksamen må være avlagt innan søknadsfristen eller det må dokumenterast at eksamen vert avlagt innan 31. desember 2016. Det må også dokumenterast at ein har greidd eksamen før innstilt søkjar vert tildelt stipend.  Søkar med utanlandsk utdanning må legge ved ekvivalensvurdering 

Stillingane er først og fremst knytt til ph.d.-program knytt til NTNU. Den som får tildelt stipend pliktar å delta i organisert forskarutdanning i stipendperioden. For informasjon om opptak til ph.d-program ved NTNU på www.ntnu.no/phd.  Ein viser særleg til karakterkravet i ph.d-forskriftens § 5.1. Dersom ein av ulike grunnar vel å ta si ph.d -utdanning ved andre institusjonar , ta direkte kontakt med aktuell institusjon.
Det er høve til å søke om ph.d-stipend utan kjend kandidat. Når vedtak om tildeling av ph.d stipend ukjend kandidat ligg føre, skal stillinga lysast ut. Søknadar utan kjend kandidat må spesifikt merkast under prosjekttittel (må kvalitetssikrast).
Stipendiatar vert normalt tilsett i den institusjonen ein søker om opptak til (eksempelvis NTNU) og løna etter Statens lønnsregulativ. Frå løna vert trekt 2 % lovfestet innskot til Statens Pensjonskasse.
Stipendiat kan og tilsetjast/lønast gjennom HMR  sitt reglement.  Sjå EQS dokument for fleire opplysningar  om tilsetting i ph.d-kontrakt i HMR.
Søkar må dokumentere opptak på ph.d studium før stipendperioden kan ta til.

Postdoktorstipend
HMR tildeler inntil 1 stipend for postdoktorkandidat. Tilsetjing i stilling som postdoktor har som hovudmål å kvalifisere for arbeid til medisinske/akademiske toppstillingar. Det er krav om  oppnådd ph.d-grad innan relevant fagområde. Tilsetting i postdoktorstilling kan ikkje gjerast før disputas er godkjent. Det er ikkje krav om at ph.d-avhandling skal vere innlevert ved søknadstidspunktet, men den må vere innlevert til vurdering innan 31. desember 2016. Dersom ph.d-avhandlinga ikkje er innlevert ved søknadstidspunktet, skal erklæring frå hovudrettleiar om status for avhandlinga leggast ved søknaden.
Søkar som tidlegare har fullført ein åremålsperiode som postdoktor ved NTNU eller annan institusjon, vil ikkje bli vurdert for stillinga. Ein føreset at postdoktorkandidaten sjølv står som søkar til stillinga/stipendet. 
Stilling som postdoktor er normalt løna etter stillingskode 1352 i Statens lønnsregulativ. Frå løna vert trekt 2 % lovfestet innskot til Statens Pensjonskasse. Postdoktor kan tilsetjast/lønast gjennom HMR  sitt reglement.

Sjå EQS retningsliner
 

Fleirårig prosjekt
Målet er å stimulere til oppbygging av nye og sterke forskargrupper i HMR som på sikt kan konkurrere om større eksterne tildelingar. Søknaden skal difor inkludere ein plan for oppbygging og vidareføring av forskingsaktiviteten under og etter prosjektperioden. Dersom prosjektet tidlegare har fått gode vurderingar frå eksterne finansieringskjelder  som SO, EU, Forskingsrådet eller andre finansieringskjelder denne vurderinga leggast ved og vil telje positivt.  Det kan søkast om inntil 1.5 millionar kroner per år for inntil fem år. Utgifter til kjøp av tenester frå lokale, regionale og nasjonale forskingsinfrastrukturar kan inngå i budsjettet. Stilling(ar) som ph.d, postdoktor eller forskar kan inngå i søknaden på same vilkår som dei spesifikke stipenda elles. Prosjektleiarar som tidlegare har fått middel til fleirårige forskingsprosjekt frå SO eller HMR, og der  meir enn eitt år av finansieringa står att ved utgangen av 2016, kan ikkje søke. Prosjekt som får løyvd midlar til fleirårig forskingsprosjekt vert forventa å søke EU eller annan internasjonal/nasjonal finansiering i løpet av perioden.

Fleire detaljar om forskingsstipend frå HMR:
Forskingsmidlar som kjem frå HMR skal brukast som økonomisk støtte til forsking/utvikling av forsking. Strategien for forsking (og innovasjon) som er gjeldande for Helse Møre og Romsdal kan de lese meir om i strategidokumenta til Helse Midt-Norge RHF om forsking og innovasjon.

Strategi for forsking i Helse Midt-Norge
Strategi for innovasjon i Helse Midt-Norge

Kven kan søke?
Kravet for å søke på forskingsmidlar frå HMR er at ein må være tilsett i minst 50 prosent stilling i føretaket. Dersom ein søker støtte  berre frå SO, gjeld eigne reglar. Sjå eigen utlysningstekst for SO.

Forskingsområde
Utlysinga spesielt gjeldande for HMR er open og ikkje knytt til førehandsdefinerte prosjekt. HMR har same prioriteringar som SO når det gjeld satsingsområde for forsking: 

• Klinisk relevant og pasientnær forsking
• Forsking på kvalitet og pasientsikkerheit
• Helsetenesteforsking inkl. samhandling, logistikk og tenesteutvikling
• Translasjonsforsking
• Medisinsk teknologi
• Global helseforsking
• Registerforsking i kombinasjon med pasientdata
• Helseutdanningsforsking

Formelle krav til søknaden
HMR har same formelle krav til søknaden som er gjeldande for SO – sjå informasjon på SO sine sider.

Søknadar som ikkje når opp i konkurransen i SO
Dei søknadane som ikkje når opp i konkurransen om SO-middel/stipend går automatisk til HMR for vidare vurdering i eiga nytte og innstillingsnemnd. Desse søknadane vil bli vurderte i samanheng med nytte- og relevansen for pasientar og forskingsstrategiar spesielt gjeldande for HMR.  Det er under utarbeiding eigne retningsliner for nemnda sitt arbeid. Det vil kome eiga melding om desse retningslinene i løpet av sommaren 2016.  Søknadar til den spesielle satsinga i HMR (stipend for utforming/fullføring av større forskingsprosjekt/EU-prosjsket) går driekte til HMR etter vitskapleg vurdering. Endeleg avgjersle om kven som får tildelt stipend vært gjort av direktør i Forskingsutvalsmøtet i HMR 7. desember 2016.

Publikasjonar og krav til adressering
I den grad den økonomiske støtta frå HMR fører til vitskapleg publisering er det krav om at artiklar/publikasjonar skal adresserast/krediterast HMR. Relevant klinikk/stabsavdeling skal påførast saman med institusjon. Eksempel: «Helse Møre og Romsdal HF, klinikk for medisin ».

Adressering til helseføretak kjem i tillegg til eventuell andre instansar som naturleg skal adresserast.

Manglande adressering til føretaket kan medføre at midlane blir trekt tilbake før prosjektet er avslutta.

Formidling og regionalt samarbeid
Alle som får tildelt forskingsmidel anten gjennom SO eller HMR blir oppmoda til å presentere forskinga si/delta på Helse Midt-Norge sin regionale forskingskonferanse som vert avvikla annakvart år. Neste konferanse skal arrangerast av St. Olavs Hospital i Trondheim i 2017.  Ein forventar også at forskingsresultat vert formidla i eigne/samarbeidande institusjonar og på nasjonale så vel som internasjonale arenaer.

Rapportering
Det er rapporteringsplikt på forskingsmidlar tildelt frå SO. Link til rapporteringssystemet (eRapport) vert sendt ut til mottakarane av forskingsmidla ca. januar kvart år. Innsendte rapportar ligg til grunn for vidare rapportering til Helse- og omsorgsdepartementet samt "Nasjonal rapport fra Spesialisthelsetjenesten".

Dei kandidatane som får tildelt stipend frå HMR skal rapportere direkte til HMR. Her arbeider ein med å få på plass eit eige, elektronisk rapporteringssystem

Manglande rapportering både til SO og til HMR kan medføre at midlane vert trekt tilbake før prosjektperioden er ferdig.

Korleis søke?
Alle søknadar skal sendast elektronisk gjennom e-Søknad. Klikk her for å komme til e-Søknad.

Rettleiing om korleis du skal gå fram når du søker, ligg i e-søkesystemet.

Klagerett
Alle søknadar blir vitskapleg vurdert. Søkar kan få tilsendt vurderinga frå vitskapleg komité ved å ta kontakt med sekretariatet (samarbeidsorganet@medisin.ntnu.no). Vedtak om tildeling eller avslag følgjer av både fagleg skjønn og strategiske vurderingar, og kan etter Forvaltningsloven ikkje påklagast. Det er kun høve til å klage på saksbehandlingsfeil. Klagefrist er tre veker etter at vurdering av søknaden er motteken. Ei klage skal være skriftleg og begrunna, og blir behandla av Samarbeidsorganet/HMR eller den person dei oppnemner.

Kva skjer etter at søknad er sendt inn?
Endeleg tildeling av stipend tildelt av SO skjer i møte i Samarbeidsorganet mellom HMN og NTNU 28.10.2016.

Søknader som ikkje når opp i SO-systemet går som annonsert over - vidare til HMR for vurdering av eiga akademisk nemnd. Endeleg tilsegn blir gitt i Forskingsutvalsmøtet for HMR 7. desember 2016.

Kontaktinformasjon:
Helse Møre og Romsdal HF, FoU-seksjonen
Postboks 1600,
6026 Ålesund
forsking@helse-mr.no

Therese Stern
Prosjektmedarbeidar, FoU-seksjonen
+47 98 88 22 56
Therese.Stern@helse-mr.no

Therese Istad
Rådgjevar, fagavdelinga
+47 98 86 59 79
Therese.Marianne.Istad@helse-mr.no