colourbox

Klinisk forskingspost og Biobank1

Treng du ein stad til å utføre ditt kliniske forskingsprosjekt?

Dersom du planlegg ein klinisk studie, men manglar studiehjelp, utstyr og lokal ta tidleg kontakt med kliniskforskingspost@helse-mr.no



Våre tenester

Klinisk forskingspost (KF) legg til rette for kliniske studiar med utspring i kliniske forskarmiljø frå alle sjukehusa i Helse-MR. Oppdragsforsking innan klinisk medisin for næringslivet tek vi godt imot. KF stiller med kompetanse og infrastruktur, både for enkle og meir avanserte kliniske intervensjonar.

Vi legg vekt på at studiedeltakaren kjenner seg trygg og omsorgsfullt handsama. Eininga er ny og skal utviklast som ein ressursstad for forsking i føretaket, men også til nytte for forskarar innan naturlege miljø for klinisk medisin / medisinsk teknologi elles i Midt-Norge. Vi ynskjer å verte ein nasjonalsamarbeidspartnar innan klinisk medisinsk forsking.

Kva kan Klinisk forskingspost hjelpe med?

  • Klinisk studiepersonell som hjelper deg med planlegging, gjennomføring og avslutting av studiar.
  • Råd til studieprotokoll
  • Råd om intern forankring, samarbeidsavtaler, registrering og personvernombod
  • Råd om registrering i ClinicalTrials og EudraCT 
  • Råd om søknader til regional etisk komité (REK), Legemiddelverket (SLV) og LAF
  • Risikovurdering av studieopplegget (RAT)
  • Medisinsk vurdering av forsøksplanen / tryggleik
  • Koordinering av undersøkingar i og utanfor KF
  • Pasientbesøka i studien
  • Taking, handtering og sending av biologisk material
  • Registrering av biologisk material i databasen Biobyte
  • Fasilitetar for nedfrysing av biologisk material
  • Koordinering av spesielle diettar tilpassa studiedeltakar/studien
  • eCRF, elektroniske spørjeskjema
  • Råd om arkivering av studiedokument og kjeldemateriale
  • Tilrettelegging for monitorering av studien / spørsmålshandtering
  • Knytte kontakt til bibliotekar, statistikar, monitor, personvernombodet i Helse Møre og Romsdal

Behandlingsareal

I behandlingsarealet er det 3 plasser
(seng eller stol) med overvakingsutstyr, og eit eige skjerma rom for behandlingar som krev meir ro og overvaking/observasjon. Du kan ha samtale, undersøke og dokumentere.

Biobank

I naborommet er det eit godt utrusta laboratorium for prøvetaking, -handtering og -sending. Då vi er ein del av Biobank1 kan vi fryselagre (-20°,-80° og -150° Celsius) og registrere det biologiske materialet i databasen Biobyte. Vi har nitrogen transportmedium for biologisk material tatt utan for KF.

Forskingsmøte

Du kan også planlegge forskingsmøte
(8-10 personar) i vårt møterom.
Vil du også ha med deg andre frå annan lokalisasjon bruker de Skype4B (tidlegare Lync) eller den virtuelle møteromløysinga Acano som bind Skype4B og ei ekstern videokonferanseeining saman (Alesund.kf@vm.nhn.no).

Kontakt/tilsette

Felles telefon 70 10 61 92 og e-postadresse kliniskforskingspost@helse-mr.no
Tilsette:
portrettbilde av Dag Arne Lihaug Hoff
Dag Arne Lihaug Hoff 
Seksjonsoverlege, fyrsteamanuensis.
70 10 57 99
Dag.Hoff@helse-mr.no

portrett elisabeth bjerkan
Elisabeth Tennøy Bjerkan
Studiesjukepleiar/studiekoordinator
tlf: 70 10 61 52
Elisabeth.Bjerkan@helse-mr.no

portrett Synnøve Herje
Synnøve Herje (permisjon 2018)
Studiesjukepleiar/studiekoordinator
tlf: 70 10 61 55
Synnove.Herje@helse-mr.no


Hanne Bentzen
Hanne Bentsen (vikar)
Studiesjukepleiar/koordinator
70 10 61 55
Hanne.Bentsen@helse-mr.no


Synnøve Yksnøy
Synnøve Yksnøy
Fagbioingeniør/studiekoordinator
70 10 61 53
Synnove.Yksnoy@helse-mr.no

Dei tilsette har kvar for seg minst 10 års erfaring frå klinisk forskingsarbeid. 
KF Helse-MR har eit nært samarbeid med Forskingsposten på St.Olavs Hospital og Klinisk forskingspost vaksen/born på Haukeland Universitetssjukehus

Prisar

Oppstartsavgift bidrag-/internt initiert forsking  Kr. 0
Oppstartsavgift oppdragsforsking   Kr. 5-15000

Pristilbod vil elles vert utrekna etter førespurnad og legg til grunn timar utført arbeid av studiesjukepleiar/bioingeniør og/eller studielege.
Meirverdiavgift, dekningsbidrag (indirekte kostnad) og årleg indeksregulering vert lagt til.
Dyre forbruksvarer vert fakturert etter kostpris.

Biobank – sjå Biobank1 under fanen rådgjeving.

Kvar finn du oss?

KF ligg i underetasjen -U- i høgblokka i Ålesund sjukehus, inngang frå nord (poliklinikk inngang) eller sør (hovudvestibyle). Følg den turkise stripa på vegg merka Klinisk forskingspost og du kjem fram til oss . Du kan parkere på plassar for pasientar/pårørande.
Opningstid
Vanlig opningstid er klokken 8-16. Aktivitet utover dette tidsrommet etter avtale.

Arrangement

Klinisk forskingsforum

Aktive studiar i KF

COBRA starta 2016-
Cristin info 
Ein tverrfagleg regional fleirsenterstudie på Ålesund sjukehus og St. Olavs Hospital kor ein leitar etter biomarkørar for å påvise eventuell tidlege eller seine indikasjon på hjarteskade som følgje av strålebehandling for venstresidig brystkreft. Studien har eit kort- og langtidsperspektiv, inkluderer ut 2019, og har 1, 8 og 15 års kontroll oppfølgingar.
Studien er finansiert av forskingsmidlar frå helseføretaka og Kreftforeininga.
BIOSTOP starta 2017-
Cristin info
Ein nasjonal fleirsenterstudie om behandlings prinsipp for inflammatorisk tarmsjukdom.  KF har ansvaret for den nasjonale koordineringa, og i tillegg er KF del av det lokale studieteamet på Ålesund sjukehus. Inklusjon i studien potensielt ut desember 2019.
I «BIOSTOP» følgjer KF opp 25 - 30 senter i 6 år.
Studien er finansiert av forskingsmidlar frå Helse-MR og Forskingsrådet.
MPH starta 2017-
Cristin info 1,  Cristin info 2

Fleirsenterstudiar om marint protein hydrolysat (MPH) og potensielle helseeffektar. 
I prosjektet «MPH-BIA» har partnarane Ålesund sjukehus,  Haukeland Universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Firmenich Bjørge Biomarin (lokal næringsaktør) planlagt 3 studiar.
Fyrste studie er gjennomført og studie nummer 2 startar inklusjon våren 2018.
Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet.

I alle publikasjonar der KF vart nytta til gjennomføringa av studien skal KF krediterast i avsnittet Acknowledgements.

Bakgrunn

Arbeidet starta i 2013/14. Klinikk for medisin søkte om etablering av infrastruktur for klinisk forsking. Utvida til eit tiltak for heile føretaket, samt etablering av Biobank1 teneste.
Offisielt opna 27. oktober 2017.
Drifta av Klinikk for medisin og rehabilitering.
Finansiert: Fyrst med forskingsmidlar frå Helse Møre og Romsdal 2014-17. Helse Midt-Norge har finansiert byggeprosjektet gjennom ekstraordinære midlar 2016/17. Drifta av KF er finansiert 2017-21 med tildeling frå regionalt Samarbeidsorganet for utdanning, forsking og innovasjon, og frå 2018 har Biobank1 HMR ei rammetildeling frå Helse Midt-Norge.



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.