Forsking gir pasientane ein betre kvardag

Forskingsfelt:  Erland Hermansen ved ortopedisk avdeling i Ålesund vil finne den beste behandlinga for pasientar med trang ryggmargskanal.  Han leier ei av verdas største ryggstudier på trong ryggmargskanal. 

 

Namn: Erland Hermansen
Fødd:1967
Arbeidsstad: Ålesund sjukehus
Stilling/akademisk grad: Cand Med
Forskingsfelt: Ryggkirurgi

Månadens forsker_hermansen_til web.jpg

- «Når ryggmarkskanalen blir trong fører dette til trykk på nervane og det skapar invalidiserande smerter for pasienten. Føremålet er at vi ikkje påfører pasientane eit større kirurgisk inngrep  enn naudsynt.  Vi samanliknar tre ulike operasjonsmetodar for å finne ut kor mykje av musklar, bein, ledd og leddband som må fjernast for å lette trykket på ryggmargskanalen. Pasientane vert delt inn i tre like store grupper og blir operert for det same, forklarar Hermansen.


Hermansen forventar at funna frå denne studia vil være med på styre kirurgien både innanfor og utanfor i ryggmargskanalen. Studien vil forhåpentlegvis gje svar på kor stort inngrepet må vere og på denne måten gje pasienten ein betre kvardag etter operasjonen.

Må vente på resultata.
I og med at dette er ein såkalla randomisert kontrollert studie kan vi ikkje «tjuvtitte» på resultata før den siste pasienten er inkludert, så foreløpig kan vi ikkje rapportere anna en at studia går framover som planlagt, og at vi fortsatt inkluderer pasientar som planlagt. Det står att eit år med datainnsamling.
Erland Hermansen fekk ideen til forskingsprosjektet etter at han hadde jobba ei stund som ryggkirurg på Kysthospitalet I Hagevik. Der lærte han ein operasjonsmetode som intuitivt verka betre enn dei andre metodane, som var i bruk på den tida. Men det var ikkje gjort tilstrekkeleg dokumentasjon rundt dei ulike operasjonsmetodane. - I denne studia kartlegg vi systematisk kva metode vi bruker på pasientane og er i dialog med pasientane etter operasjonen, seier Hermansen.

Pasientstyrt utvikling
I dette forskingsprosjektet har ein vore opptatt av å sette pasienten i sentrum. Saman med 17 andre sjukehus i Norge forskar Hermansen og kollegaene på 465 pasientar som vert følgt i 10 år. Det er viktig å avklare dei kliniske resultata etter dei forskjellige operasjonsmetodane, og om det eventuelt er forskjellar i dei ulike metodane på kort og lang sikt. Det vil seie at det er pasientane som rapporterer kor bra dei er etter ein operasjon. Dersom ein metode gir fleire nøgde pasientar enn ein anna,  er det viktig at det blir dokumentert. Ut i frå dette kan vi velje den  metoden som gir dei beste langtidsresultata. Samtidig må ein velje den metoden som gir minst skade for pasientane, avsluttar forskaren.