Månadens forskar juli 2016

Han er ifølge researchgate.net Helse Møre og Romsdal sin mestproduserande forskar og er plukka ut som månadens forskar.

 Namn: Torstein Hole
Fødd: 1957
Arbeidsstad: Klinikk for medisin
Stilling/akademisk grad: Klinikksjef, MD, PhD 
Forskingsfelt: Klinisk forsking – med hovudvekt innan hjarte- og karsjukdomar. Spesialist i indremedisin og hjartesjukdomar.

 Torstein Hole_månedens forsker juli.jpg

Han er ifølge researchgate.net  Helse Møre og Romsdal sin mestproduserande forskar og er plukka ut som månadens forskar. Etter at Torstein Hole tok doktorgrada si i 2003 har han jobba med forsking på bruk av ultralyd av hjartet som sitt hovudområde. Hole vil finne ut korleis ein kan utvikle ultralydmetoden, og korleis ein kan nytte den til å få ny vitskap om normal og sjukeleg funksjon hos pasientane.

Pustestyrt stråling
Av aktuelle forskingsprosjekt, vil Hole særleg trekke fram eit felles prosjekt mellom St. Olav, NTNU og Ålesund sjukehus, der både kreftavdelinga, røntgenavdelinga og medisinsk avdeling er engasjert. Der ønskjer ein å undersøke om nye strålemetodar for venstresidig brystkreft, såkalla pustestyrt stråling, gir mindre komplikasjonar med utvikling av hjartesjukdom enn konvensjonell stråling. -Vi veit at strålebehandling og cellegiftbehandling på sikt kan gje hjarte- og karsjukdomar, og ønskjer å sjå på både kor ofte dette skjer og om det skjer sjeldnare med nye strålemetodar og kva som er mekanismen bak slik skade. Tidlegare forsking på ultralydmetodar skal mellom anna nyttast for dette føremålet.  

For å unngå at hjartet får stråling under behandlinga, stråler ein berre når pasienten trekk pusten inn.  Ein gjer nytte av at hjartet flyttar seg litt bak brystbeinet når pasienten pustar inn.   
Dette er eit nytt forskingsfelt med stort aktivitet og ingen har tidlegare undersøkt om nye strålemetodar på lang sikt gjer mindre skade.  Dei fleste brystkreftpasientar vert kurert for sjukdomen og  lever lenge etter strålebehandling. Det er viktig å få god kunnskap om langtidseffekten av behandlinga, og pasienten vil derfor bli følgd opp i 16 år.

Stor gevinst for pasienten
Målet er at dette prosjektet skal kunne bidra til ny vitskap om mekanismar for stråleskade av hjartet, men minst like viktig er at det kan danne grunnlaget for nye kontrollrutinar av brystkreftpasientar som er meir målretta og meir kostnadseffektive. Viktigast er kanskje likevel at ein då får eit betre grunnlag for førebyggande behandling for å unngå utvikling av hjartesjukdom på sikt.

Hole understrekar at slike prosjekt aldri er ideen til èin person, men noko som utvikler seg i eit nettverk eller ei gruppe. -Her starta utviklinga av ein metode for pustestyring av Christer Jensen ved kreftavdelinga, og eit større oppfølgingsprosjekt ved St. Olav i regi av Torgeir Wethal, samt forskinga til Johnny Vegsundvåg på nye ultralydmetodar sentrale for at vi kunne utvikle prosjektet.

Her starta Christer Jensen ved kreftavdelinga utviklinga av ein metode for pustestyring. Vidare vart eit større oppfølgingsprosjekt ved St. Olav i regi av Torgeir Wethal, samt forskinga til Johnny Vegsundvåg om nye ultralydmetodar, sentrale for at vi kunne utvikle prosjektet.

Ser fram til spanande samarbeid
-Vi etablerer i desse dagar eit spennande samarbeid med HNT om helsetenesteforsking og pasientopplevingar, og vonar det kan gje grunnlag for ei framgangsrik forskingsgruppe som kan engasjere forskarar med ulike perspektiv. Målet må vere å få fleire ph.d kandidatar som ser på korleis pasientane opplever tilboda våre og korleis ulike modellar i kommunane og føretaka understøtter gode pasientforløp.