Vil unngå reoperasjonar ved innsetting av hofteprotese

Forskingsfelt: Sevaldsen  vil finne ut om en ny teknikk gjer det mogleg å unngå reoperasjonar ved innsetting av hofteprotese.

Sevaldsen.jpg
Foto: Arild Myhre, Tidens Krav

​Namn: Kirsti Sevaldsen
Fødd: 1970
Arbeidsstad: Kristiansund sjukehus
Stilling/akademisk grad: overlege, universitetslektor (NTNU)
Forskingsfelt: Sevaldsen  vil finne ut om en ny teknikk gjer det mogleg å unngå reoperasjonar ved innsetting av hofteprotese

Ny sementeringsteknikk
Kirurgane ved Kristiansund sjukehus driv mykje med revisjon av hofteprotser. Det var slik Sevaldsen fekk interesse for å prøve å finne ein metode for å unngå aseptisk løysing i større grad, dvs ei ikkje bakteriell løysing. Ei hofteprotese har ei varigheit på cirka 10-15 år. Mange av pasientane  som får innsatt hofteprotese opplever at den løsner tidlegare på grunn av slitasje. Dette er både ubehagelig for pasienten og har store samfunnsøkonomiske kostnadar. Ved hjelp av ein ny sementeringsteknikk vil Kirsti Sevaldsen finne ut om protesa kan få lenger levetid.  


Vil bevise at ny teknikk utgjer ein forskjell
Det er 50 hofteprotesepasientar som deltar i studia til Sevaldsen. Desse pasientene vert delt i to grup­per. Eit dataprogram avgjer kva semeteringsteknikk som skal nyttast på den einskilde pasient. Den eine grup­pa får se­men­tert inn den så­kalla fe­mur­stam­ma med «van­leg» se­men­te­ring med 2–4 mm se­ment rundt stam­men, medan den and­re grup­pa får «ny» sementeringsteknikk med svært lite se­ment omk­ring. Pasientane vert følgd opp i to år og det vert nytta spe­si­el­le ana­ly­ser til å måle ro­ta­sjon og inn­synk­ing i lø­pet av to år. Stu­di­en vert komplettert med ein lab-stu­die kor fe­mur­kom­po­nen­ta­ne vert støypt inn på sa­me måte. Trykk i se­men­ten vert målt og se­ment­man­te­len blir analysert.  Hy­po­te­sa er at det ikkje er forskjell i beveginga inne i sementen mellom dei to gruppene. Dersom studiet kan forkaste denne hypotesa kan ein påvise at det faktisk er forskjell.  Sevaldsen planlegg artiklar for pub­li­se­ring i 2018, med dis­pu­tas i 2019.