Såkornmidlar

Utlysing av interne midlar Helse Møre og Romsdal

For å stimulere til auka forskingsaktivitet og vitskapleg publisering i Helse Møre og Romsdal HF lyses det ut interne forskingsmidlar. Desse midlane skal utgjøre eitt supplement til finansiering av forsking, og etablerte forskarar oppmodast difor til å søkje ekstern finansiering – spesielt ved planlegging og gjennomføring av større prosjekt.

​Såkornmidlane er fordelt på sju kategoriar – meir info om det nedanfor.

Søknadsfristar:

For kategoriane 1 til 5 gjelder: 1.mars, 1.juni og 1.september
Til kategori 6 og 7 kan du søke fortløpande.

Kven kan søke?

Tilsette i minimum 50 % stilling i HMR

Kor mye kan du søke om?

I kategori 1 til 5 kan du søke om støtte på inntil 100 000 NOK, i kategori 6 og 7 kan du søke om mindre beløp (spesifisert per kategori).

I kategori 1 til 5 kan du søke om støtte til:

  1. å skrive artikkel
  2. å utarbeide protokoller til ph.d- eller postdoktorsøknadar - til Samarbeidsorganet Helse-Midt/NTNU, Forskningsrådet, Kreftforeningen eller liknande
  3. å utarbeide søknadar til forskings- eller innovasjonsprosjekt
  4. å dekke uforutsette utgifter i oppstart av, eller underveis i ph.d-, postdoktor-, forskings- eller innovasjonsprosjekt
  5. å dekkje utgifter i samband med forskingskurs, forskingsseminar, oppstartsseminar forskingsprosjekt, nettverksmøter mm (mellom anna som arrangør)

Krav til søknadar (kategori 1 til 5):

Artiklar som spring ut frå såkornmidlar skal krediterast føretaket etter gitte reglar (SETT INN LINK)
Rettleiar/mentor bør ha forskarkompetanse (ph.d.)

Husk å legge ved:

  • Søkjar sin CV (anbefalt lengde 2 sider)
  • Søknad med framdriftsplan
  • Protokoll (maks 10 sider inkl. referansar) eventuelt utkast til artikkel
  • Budsjett
  • Forankring frå rettleiar/mentor på protokollen/søknaden/prosjektet
  • Permisjonsstøtte frå seksjons-/avdelingsleiar og klinikksjef (ein kopi av epost er tilstrekkeleg)

Alle vedlegg må være i PDF

 

I kategori 6 og 7 kan du søke om støtte til:

  6.  å dekke utgifter i forbindelse med publisering av artiklar (maksbeløp 30.000):

    • publisering i tidsskrifter med fri tilgang (Open Access)
    • omsetting av artiklar til anna språk
    • korrekturlesing m.v.

  7.  å delta på konferansar, møter eller kurs for å presentere eiga forsking (maksbeløp 20.000)

Krav til søknadar (kategori 6 og 7): 

  • Arbeidet skal krediterast HMR etter gitte reglar (LINK)
  • Beskjed skal sendes til forsking@helse-mr.no når artikkel er godkjent for publisering 
  • Dersom ein ikkje har eige forskingsfond på avdelinga/i klinikken eller dersom ph.d-grad el postdoktorarbeid, forskingsprosjekt, artikkelskriving mm ikkje har driftsmidlar kan ein søkje Såkornmidlar for deltaking på konferanse/presentasjon av eiga forsking

Husk å legge ved: 

  • Kortfatta søknad og budsjett
  • Utkast artikkel

Alle vedlegg må være pdf

Klikk her for å fylle ut og sende inn søknad om såkornmidlar
(krev innlogging på HMR-nett)



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.