Inspirerande kick-off

for strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling

Inspirasjon, motivasjon og vegen vidare. Dette var stikkorda då det vart arrangert kick off for rundt 40 deltakarar frå Helse Møre og Romsdal, kommunene og fagforeningane 1. juni.
Forskingssjefen i Helse Møre og Romsdal, Berit K. Teige, presenterer planen for arbeidet.

-Dette er eit spanande og viktig arbeid, som aldri før har vore gjort i Helse Møre og Romsdal. For første gong i historia sit spesialisthelstenesta, kommune, tillitsvald og brukarane saman rundt bordet og skal stake ut pasienten si helseteneste for framtida.

Forskingssjef Berit K. Teige smiler engasjert til forsamlinga. Saman med sekretariatet for prosjektet har ho hatt ansvar for arrangementet. Berit K. Teige presenterte føremålet  for planarbeidet  og gjorde greie for situasjonen og kva som er målet med arbeidet framover

 

-Målet er å utvikle pasienten si framtidige helseteneste i regionen Møre og Romsdal. Strategien skal vere ein vegvisar for utvikling av kvalitativt gode helsetenester for befolkninga i regionen. Planarbeidet skal gi satsingsområde for dei fire område innan forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling i HMR (FIUK).

 

Anne S. A. Larsen presenterte arbeidet med utviklingsplanen og korleis arbeidet med strategi- og handlingsplanen for FIUK skal sjåast i samanheng med denne. 

Dagen vart avslutta med oppsummering av gruppearbeid og planlegging av vegen vidare. Tilbakemeldinga frå forsamlinga var at det var nyttig med ei fellles samling. Fleire av deltakarane uttrykte ønske om å møtast igjen  over sommaren. Det er satt opp ny felles samling 29. august og då med endå meir tid til gruppearbeid etter ønskje frå deltakarane.